Aktuelt frå kommunen

Slik markerer vi Eigenberedskapsveka 2019 i komande Bjørnafjorden

Utstilling Amfi Os - Klikk for stort bilete

Butikkane på Fjord'n Senter og i Amfi Os har rigga til utstillingar med det du treng i eigenberedskapslageret ditt i heimen. Onsdag 30. oktober får vi storfint besøk i Eikelandsosen: Då kjem nyvald ordførar for komande Bjørnafjorden kommune, Trine Lindborg, for å opna utstillinga i Fjord'n Senter.

Det blir òg informasjon om jodtablettar til barn og unge. Kommuneoverlege Klaus Melf blir med på markeringa onsdag. Apoteka i Fusa og Os er òg med på Eigenberedskapsveka 2019. Det same er matbutikkane rundt om i fusabygdene.

Korleis står det til med eigenberedskapen? Dette sjekkar vi gjennom ei digital spørjeundersøking mellom dei kommunetilsette på begge sider av fjorden. Følg med på resultatet mot slutten av veka.  

Test deg sjølv!

Korleis står det til med din eigen beredskap? Test deg sjølv!

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 28.10.2019
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30