Ryktene seier at dette er ein "feelgood" komedie om ein ungdomsgjeng som melder seg på NM i rock. Våre unge talent er vel meir som statistar å rekna i filmen, men dukkar opp i ein scene frå NM i Tromsø og har fått musikken sin med i filmen! Det er stor stas og Sleepwalkers har vore med i lanseringa av filmen m.a. på Bergen kino denne veka.
Bygdekinoen på Oseana viser filmen kl 16.00 søndag 18. februar og Sleepwalkers speler opp til film med ein liten konsert i forkant kl 15.40. Sjå meir informasjon. Kanskje blir det eit stjernedryss over framsyninga i Fusa òg? Filmen går i Bygdaheimen på Holmefjord onsdag 21. februar kl 18.00.
Filmen har fått blanda mottaking, men t.d. VG trillar terningen til ein femmar! Gå og sjå sjølv. Filmen har barn og ungdom som målgruppe, men har inga aldersgrense, korkje oppover eller nedover.