Aktuelt frå kommunen

Skulestruktur på høyring

Alternativ til framtidig skulestruktur er lagt ut til høyring - Klikk for stort bileteAlternativ til framtidig skulestruktur er lagt ut til høyring Nore Fusa skule  Fleirtalet i Fusa formannskap har i møte 24. januar lagt ut til høyring ulike alternativ til skulestruktur og framtidig skulestad for Hålandsdalen, Eikelandsosen, Fusa og Strandvik krinsar. Høyringsfristen er 21. februar.

 Formannskapet gjorde i sak 002/13 (PDF, 39 kB) slikt vedtak:

Fusa formannskap viser til saksframstilling frå rådmannen og legg ut til høyring dei
alternativ som er utgreia.

 


Formannskapet vil presisera at ein ønskjer høyring på dei ulike alternativ med ulik
skulestad, dvs både Eikelandsosen, Holdhus, Strandvik og Fusa.

Høyringsfrist vert sett til 21.02.13.

Dei alternativa som er utgreia vert sendt ut til høyring. Mottakarane av høyringsdokumentet må merka seg at formannskapet ønskjer høyring på alle alternativa med alle nemnde skulestader. Dette er innarbeida i dei ulike
forskriftstekstane knytta til dei ulike alternativa. Forskriftene er ein del av høyringa.

 

 

Sjå tilhøyrande dokument:

Høyringsnotat om framtidig skulestruktur (PDF, 2 MB)

Høyringsbrev til høyringsinnstansane (PDF, 86 kB)

 

Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 25.01.2013
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30