Aktuelt frå kommunen

Skulestart

Første skuledag 2013 Søre Fusa oppvekstsenter - Klikk for stort bileteFørste skuledag 2013 Søre Fusa oppvekstsenter Sveinung Norheim

 

Måndag byrja skuleåret 2013-2014 for 392 elevar i barneskulane i Fusa og 177 elevar på Fusa ungdomsskule. Fusa kommune ønskjer elevar, lærarar og føresette lukke til med det nye skuleåret!

Elevtalet på skulane

Eikelandsosen skule er den største barneskulen i Fusa med 79 elevar. Den minste er Vinnes friskule med  28 elevar. Elles fordeler elevtalet seg slik: Fusa skule 55 elevar, Holdhus skule 73 elevar, Nore Fusa skule 70 elevar, Strandvik skule 43 elevar og Søre Fusa skule 44 elevar. 

Skulefritidsordning (SFO)

Det er kome i gang tilbod om SFO for 1.-4. årstrinn ved fem av dei seks kommunale skulane. I vedtektene for SFO i Fusa kommune (PDF, 211 kB) er det krav om minst åtte barn for å tilby skulefritidsordning. På Søre Fusa oppvekstsenter var det for få søkjarar, men det vert arbeidd med å finna løysingar.

Fusa ungdomsskule

ungdomsskulen er det 177 elevar dette skuleåret. Skulen har til saman sju klassar: Det er tre parallellar på 8. årstrinn, to 9. klassar og to 10. klassar.

Skule- og barnehageruta

Det er gjerne i tidlegaste laget å tenkja på ferie og fridagar, men i den felles barnehage- og skuleruta for 2013-2014 (PDF, 108 kB) finn ein i alle høve oversikt over dette både for barnehage, skule og ungdomsskule. 

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 21.08.2013
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30