Aktuelt frå kommunen

Skulane i Fusa dansa BlimE-dansen

BlimE-dansen på Strandvik skule - Klikk for stort bileteBlimE-dansen på Strandvik skule Heidi Baldersheim

Elevane på dei fleste skulane i Fusa var fredag med på å setja verdsrekord i fellesdans, då dei dansa BlimE-dansen saman med om lag 350 000 barn i heile Noreg. Biletet er frå Strandvik oppvekstsenter. 

Vennskap

Fredag 13.11.2015 var alle skular i landet inviterte til å vera med og dansa BlimE-dansen kl 12.00. NRK sin TV-kanal for barn, NRK Super, er initiativtakar til BlimE-dansen. Dansen med tilhøyrande song, har fokus på vennskap og inkludering. Mottoet er "Si hei, vær en venn. BlimE!"

Danseglede i Strandvik

"På skulen i Strandvik har elevane gjennom hausten øvd på BlimE-dansen 2015," fortel rektor Heidi Baldersheim. "Elevane i Strandvik viste stor iver og danseglede og song med for «full hals» på fredag."

Videosnuttar

Videosnuttar frå skulane vert etter kvart publiserte på NRK Super sine nettsider. Her finn du også videoar frå skular i Fusa.

BlimE-dansen på skulen i Strandvik - Klikk for stort bileteBlimE-dansen på skulen i Strandvik Heidi Baldersheim Danseglede i Strandvik - Klikk for stort bileteDanseglede i Strandvik Heidi Baldersheim

 
Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 16.11.2015
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30