Aktuelt frå kommunen

Skogkurs for kvinner

Skogkurs - Klikk for stort bilete

Er du kvinne og skogeigar er dette noko for deg: Motorsagkurs med kort innføring i forvaltning av skogeigedom (PDF, 449 kB). Kurset vert arrangert 29.-30. mars i skogen på Holmefjord og 1. april i Kommunetunet i Eikelandsosen. Påmeldingsfrist: 26. mars.

Del 1: Motorsagkurs

Motorsagkurset vert halde på Holmefjord 29.-30. mars. Instruktør er Audun L. Eik frå Aktivt Skogbruk.

Fredag 29. mars klokka 17.00-20.00 held kurset til i lokala til Holmefjord Skog & Hage. Temaet er stell og vedlikehald av motorsag.

Laurdag 30. mars klokka 08.30-15.00 vert det praksis i skogen på Holmefjord. Då står m.a. fellingsteknikk og kvisting på dagsorden. Og det vert lagt vekt på tryggleik.

Del 2: Skogforvaltning  

Måndag 1. april klokka 18.00-21.00 flyttar kursdeltakarane seg til Kommunetunet i Eikelandsosen. Her vert det innføring i forvaltning av skogeigedom ved Jan Ivar Rødland frå Vestskog. Han tek m.a. opp dette: 

  • Kva vil eg med eigedomen?
  • Kor kan eg få hjelp til å få oversikt over ressursane?
  • Kva kan eg gjera sjølv og kva bør eg setja bort av arbeidet i skogen?
  • Skogfondsordninga.

Påmelding og kursavgift

Arrangøren av kurset er Midthordland Skogeigarlag. 

Du kan melda deg på til Magne Gjuvsland

  • mobiltelefon: 971 94 200
  • e-post: magne.gjuvsland@fusi.no

Påmeldingsfrist: 26. mars.

Kursavgifta er kr 1740. Deltakarane får faktura frå SKI etter kurset.

Har du spørsmål til kurset? 

Ta kontakt med:

  • Silje Holmefjord Lyhammer, mobiltlf. 970 37 731
  • Karianne A. Tveitnes, mobiltlf. 469 68 116

Sjå informasjonsark (PDF, 449 kB) - og del det gjerne med andre du trur kan ha interesse av kurset.

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 15.03.2019
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30