Aktuelt frå kommunen

Skjenkekurs 26. oktober 2015

Skjenkekurs.jpg - Klikk for stort bilete

Måndag 26.10.2015 kl 18.00-21.00 vert det opplæring for vakter, huseigarar/arrangørar og skjenkestyrarar i Kommunetunet i Eikelandsosen.  

I samarbeid med politiet og skjenkekontrollen gjennomfører kommunen årlege skjenkekurs for å sikra nødvendige kunnskapar i alkoholregelverket. Andre tema er beredskap og konfliktløysing.

Fusa kommune har i rusmiddelpolitisk handlingplan (PDF, 19 MB) vidareført ordninga med å gje einskild skjenkeløyve til huseigar v/styret ved arrangement i forsamlingslokale; jf. vedtekne retningslinjer (PDF, 2 MB). Forsamlingslokalet v/styret er då løyvehavar, og huset vert då «skjenkestad for ein kveld». Det er løyvehavar som har hovudansvaret for at ein følgjer alkohollova sine reglar.

Påmelding

Påmelding til: 

  • postkasse@fusa.kommune.no
  • tlf 56 58 01 00

Påmeldingsfrist: fredag 23.10.2015 kl 10.00.

Nyttig informasjon og materiell

God informasjon om regelverket og korleis få ei ansvarleg alkoholhandtering finn du m.a. på følgjande nettstader:

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 29.09.2015
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30