Aktuelt frå kommunen

Skjenkekurs 26. november 2019

Skjenkekurs - Klikk for stort bilete

Planlegg de arrangement i lagshus eller grenda-/bygdahus? Tysdag 26. november klokka 18-21 vert det opplæring for vakter, skjenkestyrarar og huseigarar/styrerepresentantar i Kommunetunet i Eikelandsosen.

Kurstema

I samarbeid med politiet og skjenkekontrollen gjennomfører kommunen skjenkekurs for å sikra nødvendige kunnskapar i alkoholregelverket. Andre tema er beredskap, konfliktløysing og rusfrie arrangement for ungdom.

Skjenkestad for ein kveld

Fusa kommune har i ruspolitisk handlingsplan for perioden 2017–2020 vidareført ordninga med å gje einskild skjenkeløyve til huseigar v/styret ved arrangement i forsamlingslokalet. Forsamlingslokalet v/styret er då løyvehavar, og huset vert då «skjenkestad for ein kveld».

Det er løyvehavar som har hovudansvaret for at ein følgjer alkoholregelverket. 

Rusfrie arrangement

Det vert ekstra fokus på rusfrie arrangement for dei under 18 år. Korleis gjennomføra rusfrie arrangement for ungdom, vert også ein del av skjenkekursa.

Forsamlingslokala vert i dag nytta til arrangement både med og utan skjenking. Kompetanseheving er difor viktig for å førebyggja brot på alkohollova og gje ungdommen rusfrie møteplassar.

Har du spørsmål? Ta kontakt med Gunn Sissel Teigen på tlf. 404 15 558 eller per e-post til gst@fusa.kommune.no

Ruspolitisk handlingsplan

Sjå meir informasjon i ruspolitisk handlingsplan (PDF, 248 kB) for perioden 2017–30.09.2020 med gjeldande retningsliner.

Påmelding

Alle interesserte kan melda seg på opplæringa.

  • Påmeldingsfrist: tysdag 26. november klokka 12.00.
  • Påmelding til: gst@fusa.kommune.no eller mobil 404 15 558 

Meir informasjon

God informasjon om regelverket og korleis få ei ansvarleg alkoholhandtering finn du m.a. her: 

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 22.11.2019
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30