Aktuelt frå kommunen

Skjenkekurs 24. oktober

Fleire brune flasker, ølflasker (www.Ung.no) - Klikk for stort bilete Det årlege skjenkekurset for vakter, huseigarar og skjenkestyrarar finn stad i Kommunetunet i Eikelandsosen måndag 24.10. kl 18-21. Tema er kunnskap om alkoholregelverket, beredskap og konfliktløysing. Påmelding innan måndag 24.10. kl 10.

Fusa kommune arrangerer kurset i samarbeid med politiet og skjenkekontrollen. Påmelding til post@fusa.kommune.no eller tlf 56 58 01 00

I Fusa kommune sin gjeldande ruspolitiske plan (PDF, 512 kB), som no er under rullering, vert ordninga med å gje einskild skjenkeløyve til huseigar ved styret i samband med arrangement i forsamlingslokalet vidareført. 

Forsamlingslokalet ved styret er då løyvehavar, og huset vert "skjenkestad for ein kveld". Det er løyvehavar som har hovudansvaret for at ein følgjer alkohollova sine reglar. God informasjon om regelverket og korleis ha ei ansvarleg alkoholhandtering finn ein mellom anna på Helsedirektoratet sine nettsider:

https://helsedirektoratet.no/Lists/Publikasjoner/Attachments/26/Ansvarlig-vertskap-oppleringshefte-IS-2127-bokmal.pdf

https://helsedirektoratet.no/publikasjoner/ansvarlig-vertskap-oppleringshefte

https://helsedirektoratet.no/Sider/Barmatte-Grader-av-alkoholpåvirkning.aspx

https://helsedirektoratet.no/folkehelse/alkohol/guide-til-god-internkontroll-etter-alkoholloven#praktiske-råd:-arrangementer-og-festivaler

Publisert av Anne-Lise Aaseng. Sist endra 21.10.2016
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30