Aktuelt frå kommunen

Sju fleire fusingar i 2012

Postkasser - Klikk for stort bilete GROM

 

Det går rett veg igjen med folketalet i Fusa: I 2012 auka det med sju personar. Dette syner dei siste tala frå Statistisk sentralbyrå. Pr 1.1.2013 var innbyggjartalet vårt 3818. Auken kjem av innvandring. 

Fødselsunderskot og innvandringspluss

Det døydde fleire enn det vart fødd i Fusa i 2012, og SSB sine tal syner eit fødselsunderskot på minus 9. Den innanlandske inn- og utflyttinga var akkurat like stor: 134 personar flytta til Fusa, 134 flytta frå Fusa. Dermed kan vi takka innflytting frå utlandet for folkeauken i Fusa i 2012.

Nabokommunar i pluss

Mellom naboane våre er storebror Os i ein klasse for seg med omsyn til folkevekst: Her auka folketalet med 416 i 2012 eller 2,3 %. Samnanger hadde ein folkevekst på 17 personar eller 0,7 %. Også Kvam auka med 0,7 % eller 62 personar. 25 av kommunane i Hordaland hadde folkevekst i 2012. Meland auka prosentmessig mest med pluss 4,4 % (311 personar).

Minus

Åtte av kommunane i Hordaland hadde nedgang i folketalet i fjor. Granvin hadde størst nedgang i prosent med minus 2,1 % (-19 pers.), medan Tysnes hadde den talmessig største nedgangen: minus 30 personar (minus 1,1 %). Også Kvinnherad hadde nedgang: minus 13 personar eller minus 0,1 %.

 

Mål

Etter den store nedgangen i Fusa i 2011 - minus 1 % eller minus 40 personar - har vi eit stykke att før vi er der vi starta 1.1.2011. I samfunnsdelen av kommuneplanen for Fusa 2011-2023 har vi ein årleg vekst på 0,8 % som mål. Fusa sin folkevekst i 2012 var på 0,2 %.

Nasjonal vekst

Den nasjonale veksten i folketalet var på 1,3 % i fjor. Med dagens inntektssystem må ein kommune veksa meir enn det nasjonale gjennomsnittet for å få auka overføringane sine frå staten. Fusa er ikkje åleine om å ha ei endring i innbyggjartal som er dårlegare enn snittet - dette gjeld 289 kommunar.

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 04.03.2013
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30