Aktuelt frå kommunen

Seminar 15.9. for trygge og gode oppvekstmiljø

Dr. Avis Glaze - Klikk for stort bilete

Vi er så heldige å få Dr. Avis Glaze, som er ein av Canada sine mest kjende skuleutviklarar, til Fusa 15.9. Hennar motto er "We must teach both the hearts and the minds of our students".

Tittelen på seminaret er Utdanning for demokrati; Karakterdanning, medborgarskap og livsmeistring. Seminaret er ope for alle som er opptekne av gode og inkluderande oppvekstmiljø i Fusa.  

På seminaret vil vi få konkrete tips til korleis alle partar i oppvekstmiljøet kan engasjera seg for å bidra til livsmeistring, medborgarskap og karakterutvikling. Politikarar, føresette, næringsliv og representantar for lag og foreiningar vert inviterte til å ta del. Den 15.9. er også planleggingsdag i Fusa, slik at tilsette i oppvekstsektoren og tek del. 

 

Stad og tid

Seminaret finn stad i Eikelandsosen samfunnshus den 15.9. kl. 9-16,  med registrering frå kl. 8.30. Påmelding til astrid.heradstveit@fusa.kommune.no. 

 

Pris

Deltakaravgifta inkluderer ein enkel lunsj og er på kr 200. Seminaret er gratis for tilsette og politikarar i Fusa kommune. 

 

Meir om føredragshaldaren og innhald i seminaret

Avis Glaze er ein inspirerande førelesar som har motteke meir enn tretti utmerkingar for bidraga sine til utdanningssektoren. Ho er no på ein turné i Noreg. I tillegg til Fusa, skal Glaze også til Bodø, Skien, Fredrikstad og Førde.
 
Glaze har vore sentral i arbeidet med å betra elevresultat og redusere fråfall ved skulane i Ontario i Canada. Glaze er svært oppteken av at vi utdanner heile menneske, og alle distrikta i Ontario har derfor jobba med demokrati og karakterbygging som ein del av sin utviklingsstrategi. 
 
Glaze meiner at ein av årsakane til den positive utviklinga i skulane i Ontarioregionen, er at alle distrikt og skular, i tillegg til å ha eit sterkt fagleg fokus, også engasjerte seg i arbeid med karakterdanning hos elevane sine.
 
Alle partane i skulen og i lokalsamfunnet vart involverte i dette arbeidet, og det vart jobba med emne som demokrati, livsmeistring, empati, respekt og uthaldenheit hos alle elevane. Glaze meiner at dette arbeidet bidrog til å skapa trygge og rolege læringsmiljø på skulane i regionen.
 
For meir informasjon om dr. Avis Glaze, sjå heimesida hennar her
 
 
Korfor dette temaet no?
 
Norske elevar, og elevane i Fusa kommune, gjer det jamt over bra i sentrale skulefag når vi samanliknar oss med andre land i OECD- området. Det har vore stort fokus på grunnleggjande ferdigheiter og kjernefaga i lang tid, og det har vore naudsynt. Mange meiner samstundes at føremålsparagrafen og den generelle delen av læreplanen har fått for lite merksemd, sjølv om vi i Fusa og har jobba godt med desse sidene av læreplanen. Alle skulane har jobba med å utvikla gode læringsmiljø, og alle skulane jobbar systematisk med sosial kompetanse. Seminaret med temaene demokrati, karakterdanning, medborgarskap og livsmeistring blir ein god oppfølging av dette arbeidet.
 
I Stortingsmelding 28, Fag – Fordypning – Fornyelse, får vi tydlege signal om at føremålsparagrafen og den generelle dalen av læreplanen skal gjerast tydlegare når Kunnskapsløftet no skal fornyast. I føremålsparagrafen kan vi mellom anna lesa at: 
 
«Elevane og lærlingane skal utvikle kunnskap, dugleik og holdningar for å kunne meistre liva sine og for å kunne delta i arbeid og fellesskap i samfunnet. Dei skal få utfalde skaparglede, engasjement og utforskartrong. Elevane og lærlingane skal lære å tenkje kritisk og handle etisk og miljøbevisst. Dei skal ha medansvar og rett til medverknad.»
 
I Stortingsmelding 28 står det vidare at:
 
«... opplæringen skal gi den enkelte elev, lærling og lærerkandidat de beste forutsetninger for å utvikle verdier, kunnskaper og holdninger som har stor betydning både i nære mellommenneske¬lige relasjoner og i samfunnet.» (s. 6)
 
«.... den nye (generelle) delen skal tydeliggjøre skolens helhetlige ansvar for utvikling av elevenes sosiale kompetanse» ( s. 25)
 
Det er og verdt å merka seg at departementet som eit ledd i fagfornyinga vil prioritera dei tre tverrfaglege temaene demokrati og medborgarskap, folkehelse og livsmeistring, samt berekraftig utvikling (St. Meld. 28, s.39). Alle desse emna fordrar eit fokus på kompetansar som går utover rein fagkunnskap.
 
Seminaret med Avis Glaze vil fokusera på korleis Fusa samfunnet og skulane kan jobba systematisk og strukturert med livsmeistring, medborgarskap og karakterutvikling.
 
 
Velkomen til eit nyttig og inspirerande saminar og møteplass for oss som er oppteken av gode og inkluderande oppvekstmiljø i Fusa!
 
 
 
 
 
 
Publisert av Anne-Lise Aaseng. Sist endra 11.09.2017
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30