Aktuelt frå kommunen

Sandvolleyballbanen på ungdomsskulen er opna

Sandvolleyballkamp med mykje publikum på den nye banen ved Fusa ungdomsskule 25.09.2013. - Klikk for stort bileteSandvolleyballkamp med mykje publikum på den nye banen ved Fusa ungdomsskule 25.09.2013. Fusa u Onsdag  25. september var det offisiell opning av den nye sandvolleyballbanen ved Fusa ungdomsskule. Storparten av arbeidet er utført av den praktiske gruppa ved skulen.

Den praktiske gruppa ved ungdomsskulen, NPP, har lagt ned mange arbeidstimar i fullføringa av banen. Difor var det stor stas at heile ungdomsskulen var samla rundt banen, då NPP-leiar Petter Evans proklamerte banen for opna. NPP-arbeidar Einar Espetvedt fekk æra av å klippa snora, og dermed var banen klar for bruk.

Første aktivitet var ein nervepirrande kamp mellom lærarane og 10. klasse. Vinnaren vert ikkje røpa, men det kan seiast så mykje som at sigeren vekte stor jubel blant elevane.

Sjå fleire foto på ungdomsskulen si heimeside.

Publisert av Heimesidegruppa. Sist endra 26.09.2013
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30