Aktuelt frå kommunen

"Saman for vekst og utvikling" - Bjørnafjordkonferansen

Bjørnafjordkonferansen 2019 - Klikk for stort bilete

"Du treng ikkje reisa heilt til Silicon Valley for å få nye idear, kom og bli inspirert på Bjørnafjordkonferansen i Oseana 5. november," seier Elin Bryn Thorsen, næringssjef i Os og frå nyttår i Bjørnafjorden kommune.

Den første Bjørnafjordkonferansen har tema «Saman for vekst». Konferansen ønskjer å vera ein møteplass på tvers av sektorar for alle som vil utforska moglegheitene i og rundt Bjørnafjorden.

Program

På programmet står kjende namn som Mons Ivar Mjelde, Kari Traa, Ingebrigt Steen Jensen og Jannicke HillandArne Hjeltnes har erfaring frå store, internasjonale verksemder og skal leia dagen.

Konsernsjefen i BKK, Jannicke Hilland, bur på Os og vil fortelja om sin veg fram til stillinga som konsernsjef.

Kari Traa har bygd ein av dei sterkaste merkevarene i landet i si eiga heimbygd. Ho vil fortelja om bakgrunnen for suksessen.

Mons Ivar Mjelde vil snakka om kva krefter som skal til for å få ei gruppe til å lukkast i føredraget "Saman er vi sterke".

Ingebrigt Steen Jensen vil løfta fram kva som er felles for dei beste verksemdene i verda og korleis vi kan læra av desse.

I tillegg vert midlar frå Fjordfondet til næringsutvikling i Bjørnafjorden kommune delt ut, vi får siste nytt om planane for Lyseparken/Endelausmarka og ei økt med erfaringsutveksling under overskrifta "sofaprat". 

Arrangørar og påmelding

Næringsavdelinga i komande Bjørnafjorden kommune er arrangør saman med Bjørnafjorden Næringsråd. I tillegg til Fusa kommune, vert konferansen også støtta av Sparebanken Vest, Fjordfolk, Austevoll kommune, Tysnes kommune og Samnanger kommune. 

Det vert gitt rabatt for dei som melder seg på innan 1. september.

Sjå meir informasjon og påmelding

Publisert av Anne-Lise Aaseng. Sist endra 19.08.2019
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30