Aktuelt frå kommunen

Saborg og motstandsarbeidet i Fusa

Fallskjermar og kontainarar frå flysleppa i Hålandsdalsfjella.  Fotografert på Solvang sommaren 1945. - Klikk for stort bilete

Torsdag 12. mai kl 19.00 kan du møta forfattarane bak boka om motstandsrørsla «Saborg»i Fusa folkebibliotek. Dette arrangementet rundar av vårprogrammet i Torsdagasakademiet, som held til i Kommunetunet, Eikelandsosen.

I desse maidagane vert vi kvart år minna på historia vår med år i okkupasjon og krig. I 2015 var det 70 år sidan freden kom til Noreg 8. mai 1945. Sjølv om det er gått mange år kjem det stadig ut ny litteratur om 2. verdskrig. Ei av dei bøkene som skapte mest diskusjon i fjor var osingen Ole-Jacob Abraham og bergensaren Terje Olsen si bok om venstresida si  motstandsrørsle i åra 1943-1945, «Saborg - også vi når det blir krevet». 

Ole-Jacob Abraham er til dagleg tilsett ved Museum Vest med ansvar for Fjell festning på Sotra, som var eitt av tyskarane sine største militære anlegg på Vestlandet. Medforfattar Terje Olsen er son av Saborg-veteran Reidar Olsen som vart torturert til døde av Gestapo 25. november 1944.


Ei bok vart til to
 

Bokomslag  - Klikk for stort bilete Boka om Saborg skapte avisoverskrifter lenge før den kom ut. Usemje mellom initiativtakarane førte til spitting, seinare forlik og at det kom ut to bøker om det same emnet på same dag!
 
Boka til Abraham og Olsen omhandlar motstandsrørsla som vart bygd opp av sentrale folk i det norske kommunistpartiet (NKP) og deira aksjonar med både sabotasje og likvidasjonar i Bergen og Stavanger. Boka går også grundig inn på samarbeidet med motstandsarbeidet som vart organisert av den norske eksilregjeringa og engelskmennene. Dette involverer både folk og hendingar i kommunane rundt Bergen, der særleg Osterøy og Os hadde viktige motstandsmiljø. 


Milorg i Fusa
 

Mot slutten av krigen vart det også etablert ei motstandsgruppe i Hålandsdalen som tok i mot militært materiell som vart floge inn frå England i 1944 og 1945.  Den siste attlevande frå den lokale Milorg-gruppa i Hålandsdalen, Kristian Solvang, fekk regjeringa sin minnemedalje i vinter, kort tid før han sjølv fylte 90 år. I boka om Saborg vert desse lokale hendingane sett inn ei ein større historisk samanheng og lesaren får eit levande bilete av kva fare dei utsette seg for og kva risiko dei tok, som involverte seg i aktiv motstand mot den tyske okkupasjonsmakta.
Våpen frå 2. verdskrig (LHA, Fusa) - Klikk for stort bilete
 




Øydeleggjande kritikk


Boka om Saborg fekk mange positive bokmeldingar, m.a. var meldaren i Os og Fusaposten svært begeistra. Meldaren i Bergens Tidende var derimot svært kritisk, noko avisa fekk mykje motbør for ettertid frå historikarar som meinte BT si «slakt» av boka var usakleg og svært øydeleggjande for heile bokprosjektet. 
 
Torsdag kan du møta forfattarane og gjera deg opp ei meining sjølv. Forfattarane har lova å dvela litt ekstra over hendingane i Fusa og Hålandsdalen. Som vanleg er det kr 100,- i inngangspengar og enkel servering.
Minneplate over flyslepp i 2. verdskrig - Klikk for stort bilete
 
Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 09.05.2016
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30