Aktuelt frå kommunen
Barn frå Nore Fusa oppvekstsenter ved opninga av ny gang- og sykkelveg på Holmefjord | Fotograf: Nore Fusa oppvekstsenter
Barn frå Nore Fusa oppvekstsenter ved opninga av ny gang- og sykkelveg på Holmefjord fotograf Nore Fusa oppvekstsenter

Rykande fersk folkehelserapport

Korleis står det til med folkehelse og levekår i Fusa anno 2012? Dette kan du finna svar på i ein rykande fersk oversiktsrapport om folkehelse og levekårsutfordringane i Fusa kommune. Rapporten er laga av kommuneoverlege Camilla Hovig og folkehelsekoordinator Ellen Strøm Synnevåg. Dei konkluderer med at dei aller fleste har god helse og føresetnader for gode og lange liv i Fusa, men også her er aukande sosiale forskjellar ei utfordring framover.

Generelle utfordringar i Fusa

Dei mest framtredande utfordringane som gjeld fusigane generelt er:

  • store geografiske avstandar og transport

  • mangel på sosiale møtestader

  • for lite fysisk aktivitet

  • sosial ulikskap


Spesielle utfordringar

For å arbeida mot ei jamnare fordeling av helse i befolkninga, og for å retta tiltaka mot dei som treng det mest, vil det lønna seg å også retta fokuset mot spesielle grupper, slår rapporten fast. Dei mest framtredande gruppene med spesielle utfordringar er:

  • Middelaldrande menn: Hjarte-/karsjukdommar

  • Gravide: Sjukefråvær, levevanar (røyking, fysisk aktivitet, ernæring)

  • Barn: Spesialundervisning, fysisk aktivitet, tilpassa skuleveg

  • Ungdom: Fritidstilbod, kosthaldsvanar, bruk og tilgjenge av alkohol og lettare narkotiske stoff, psykisk helse

  • Innvandrarar: Tannhelse, fritidsaktivitet, psykisk helse, språk

  • Eldre: Psykisk helse


Snarveg:


Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 05.07.2012
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30