Aktuelt frå kommunen

Ryddeaksjonen held fram i Fusa

Bossinnsamling - Klikk for stort bilete

Strandryddeaksjonen i Fusa held fram. Utplasserte kontainarar for oppsamling på Vinnes, Holmefjord, Eikelandsfjorden og Holmefjord vert ståande over helga. Dei vert forsynte med nye spesialsekker for samling av plast. Målet er å nå over det aller meste.

Etter ei vellukka aksjonshelg for å få bort plast frå strandsonen har fusingane fått blod på tann. Vi rakk ikkje over heile kommunen i løpet av to dagar, sjølv om mykje vart gjort. Aksjonen held fram til over komande helg. 

Eikelandsfjorden frå båt

I Eikelandsosen skal Eikelandsfjorden idrettslag ha ein runde på dei meir utilgjengelege strendene laurdag. Dei har fått låna båt hjå Bolaks og dei som ønskjer å vera med på dugnaden kan møta på gjestebrygga ved Fjord’n senter klokka 10.00 laurdag. Hugs å ta med redningsvest! Fleire andre bygdelag er i gang med liknande dugnader.
 

Stort engasjement

Det blir lagt ut nye forsyningar med plastsekkar for innsamling av plast ved aksjonskonteinarane på Vinnes, Holmefjord, Eikelandsosen og Baldersheim. Dette er ein aksjon der alle som vil kan engasjera seg til felles nytte og glede. Engasjementet er stort og det er kjekt å sjå at folk bryr seg om sitt eige nærmiljø. Vi treng mange flittige hender for å få rydda den lange strandlina.


Ei anna erkjenning er at aksjonen må følgjast opp med jamlege ryddeaksjonar. Desse må vera godt organisert, grundigare og må ta for seg heile strandsonen. Om ikkje så gror strendene våre ned med plast!
 

Kontaktpersonar:
Vinnes - Erik Vangsnes 47277146
Holmefjord - Marie Kolle 41648106/ Cecilie Boge 41361558
Eikelandsosen - Richard Markhus 48062590
Baldersheim - Magne Smørholm 95862861
 
Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 23.02.2017
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30