Aktuelt frå kommunen

Rusfrie arrangement for ungdom

UKM 2013 - Klikk for stort bileteUKM 2013 Erik Vangsnes

 

Fusa ungdomsråd har vedteke retningsliner for rusfrie arrangement for ungdom. Ungdomsrådet lyser samstundes ut tilskotsmidlar til rusfrie arrangement. Søknadsfrist er 23. mars. 

Gode arrangement
Fusa ungdomsråd ønskjer fleire rusfrie fritidstilbod for ungdom. Dei har utarbeida retningsliner (PDF, 83 kB) for korleis ein kan få til gode rusfrie arrangement. Eit sentralt punkt er at arrangørane må vera medvitne om kva aldersgruppe dei vender seg til. Set ein aldersgrense 13 år vil eldre ungdom halda seg borte. Retningslinene tar for seg både haldningar til rusmidlar, organisering av vakthald, kvalitet og innhald på arrangementa og transport til og frå.

Ny tilskotsordning
For å stimulera til at lokale arrangørar no tek retningslinene i bruk vert det lyst ut ei ny tilskotsordning. Dei som har idear til rusfrie arrangement for ungdom kan no søkja om tilskot. Det kan vera diskotek, konsertar, karneval, LAN, skumparty. Kanskje vi kan få etablert ein årleg Fusa-rock? Her er det berre å bruka fantasien.

Trygt heim
Arrangørar kan også søkja til Skyss for å få til transportløysingar til større arrangement for ungdom. Sjå Trygt heim.

Søknadane om tilskot til rusfrie arrangement for ungdom kan formast som eit brev og må innehalda:

  • Tittel: Søknad om tilskot til rusfrie arrangement for ungdom
  • Namn på søkjar:
  • Målgruppe for tiltaket:
  • Ei skildring av tiltaket:
  • Søknadssum:
  • Budsjett:
  • Kontonummer:

Det er eit krav at søkjar er registrert i einingsregisteret. Søknadsfrist er 23. mars.

Søknadane skal sendast som brev til: Fusa kommune, boks 24, 5649 Eikelandsosen

eller som Epost til: postkasse@fusa.kommune.no

Kontaktperson: Erik Vangsnes, kulturkontoret, telefon 56580153

 

Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 20.02.2013
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30