Aktuelt frå kommunen

Røykvarslardag og aksjon bustadbrann

Stearinlys - Klikk for stort bilete

Fredag 30. november møter du folk frå Fusa brann og redning og Fusa kraftlag på stand på Fjord'n senter kl. 10-12. Dei markerer røykvarslardagen ved å tilby råd om brann- og el-sikkerheit, og deler ut batteri til røykvarslaren din.

Samarbeidsaksjon

Desember er den månaden i året der det er flest bustadbrannar i Noreg. Difor går startskotet for den årlege "Aksjon boligbrann" 1. desember. Målet er å setja søkelys på branntryggleik i heimane. Aksjonen er eit samarbeid mellom Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap (DSB), Norsk brannvernforening og Gjensidige Forsikring. Lokale brann- og feiarvesen og el-tilsyn over heile landet står for den praktiske gjennomføringa.

Røykvarslardagen

1. desember, "Røykvarslardagen", er det fokus på at det er tid for å byta batteri og testa røykvarslarane rundt om i heimane. Sjå nyttig informasjon på røykvarslarsida!

Obs obs i desember

Dei vanlegaste brannårsakene i desember er bruk av levande lys og peiskos, og auka bruk av elektrisitet og elektrisk utstyr, kanskje i kombinasjon med alkohol. "Det er viktig å tenkja brannsikkerheit, sjølv om ein hyggjer seg," understrekar brannsjef Gunnar Hatlelid

Nyttig informasjon:

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 26.11.2018
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30