Aktuelt frå kommunen

Rosa til stemmerettsjubileum

Rosa - Klikk for stort bileteRosa Vinjeproduksjoner  2013 er eit kvinneår i Noreg, då det er 100 år sidan kvinner fekk stemmerett her i landet.  Dette er bakteppet for teaterproduksjonen ”Rosa” som gjestar Fusa tysdag 19. mars og dette programmet er slik ein del av markeringa av stemmerettsjubileet i Fusa.

Ei teatergruppe frå Vinje i Telemark har laga eit musikkspel ”Rosa” som dei turnerer Hordaland med i desse dagar. Tysdag 19. mars har dei tre framsyningar i Fusa. På dagtid vert Rosa synt som skuleframsyning på Fusa vidaregåande skule og på dagsenter for eldre på Fjordblikk. På kvelden er det ei opa framsyning i Strandvik grendahus kl 20.00. Sjå kulturkalender for meir informasjon.

Rosa og stemmerettsjubileet - Klikk for stort bileteRosa og stemmerettsjubileet VInjeproduksjoner

 

Handlinga i Rosa finn stad i tida 1855-1870. Den gong var spørsmål kring likestilling mellom kjønna berre i si spede byrjing. I ymse kretser blei likevel situasjonen for kvinner i heimen og samfunnet elles tatt opp og diskutert.
 

Vinjeproduksjonar presenterer ei førestelling i to akter bygd på hendingane og særskilt ekteskapa til Rosa Kjeldseth. I første akt møter vi Rosa då ho kom til prestegarden i Øvre Rendal og forholdet til lensmann Abraham Tobias Enevoldsen. Andre akt handlar om livet hennar i Kristiania som lærarinne og forholdet til Aasmund Olavsson Vinje.


Rosa Sophie Constance Kjeldseth var ei ung kvinne som fekk oppleve dramatiske omstende i livet sitt. Det første ekteskapet hennar var vondt, med utruskap, vald og drikking. Ho hadde det godt i ekteskapet med Vinje, men dette vart av det kortvarige slaget. Rosa døydde i barselseng, medan Vinje var sjuk og døydde berre tre månader etter, sommaren 1870.


All musikken, også songane som følgjer dette kvinneportrettet, er komponert av Agathe Backer-Grøndahl.

Dei medverkande i Vinje Produksjoner si framsyning er Maren Myrvold, Magne Skjævesland og Marita Kjetland Rabben.
 

 

Arrangørar for kveldsframsyninga er Kvinnenettverksgruppa på Fusa-halvøya i samarbeid med Fusa kulturkontor.

Sjå meir informasjon om teatergruppa under www.vinjeproduksjoner.no

 

Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 15.03.2013
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30