Avtalen tek for seg oppgåver som kommunane allereie løyser og ser òg på rom for utvikling og fordeling innan ein fusjonert Bjørnefjorden kommune, heiter det i innleiinga.
Kva inneheld intensjonsavtalen?
Intensjonsavtalen innheld ei kort oppsummering av status, visjon, mål og føresetnader for kommunesamanslåing mellom Fusa kommune og Os kommune.
Det er eigne punkt om prinsipp for politisk organisering og prinsipp for tenestetilbod og kompetanse, kommunalt eigarskap og kommunikasjon og transport. Kommunikasjonsstrategi for reformprosessen og ei oversikt over kva ein må ta stilling til før 1. juli 2016, er òg med i intensjonsavtalen saman med ein revidert framdriftsplan.
Vidare framdrift:
-
Tysdag 7. juni: Folkemøte i Fusa kommune
-
Onsdag 8. juni: Folkemøte i Os kommune
-
Torsdag 9. juni-søndag 12. juni: Meiningsmåling i Fusa og Os, telefonoppringing til eit utval av innbyggjarane
-
Måndag 20. juni: Behandling i formannskapa i dei to kommunane
-
Onsdag 22. juni: Behandling og vedtak om samanslåing i dei to kommunestyra