Aktuelt frå kommunen

Rektorane for dei nye skulane er tilsett

Kjersti Søvik (t.v.) og Synnøve Ellingsen - Klikk for stort bilete Fusa kommune har tilsett leiarar for dei to samanslåtte skulane frå hausten 2016. Kjersti Søvik (t.v.) vert rektor for den nye skulen i Eikelandsosen og Synnøve Ellingsen for skulen på Fusa.

Portrett - Klikk for stort bilete

Søvik er i dag rektor ved Holdhus skule. Olav Aarvik, som i dag er rektor ved Eikelandsosen skule, vert assisterande rektor ved den nye skulen.

Synnøve Ellingsen har i dag rektorstillinga ved Fusa oppvekstsenter, men er for tida i fødselspermisjon. Ho er på plass til skulestart i august, opplyser einingsleiar for Undervisning Anne-Merete Mærli Hellebø.

Ho legg til at dei som i dag er rektorar ved skulane Strandvik, Fusa, Holdhus og Eikelandsosen, er rektorar på desse skulane ut skuleåret, det vil seia til og med 31.07.2016. 

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 07.03.2016
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30