Aktuelt frå kommunen

Rekordmykje spelemidlar til Fusa

Idrettshall under bygging - Klikk for stort bilete

Utval for kultur, idrett og regional utvikling i Hordaland fylkeskommune har fordelt heile kroner 132.246.000 i statlege spelemidlar for 2018 til idrettsanlegg i Hordaland. Anlegg i Fusa får rekordstor utteljing på tilsaman kroner 7.536.000 fordelt på 5 søknader. Største beløpet på kr 6 mill går til ny idrettshall.

Tilskotet til idrettshallen er ei delutbetaling. Tilsaman er det søkt om kroner 13,7 mill til idrettshall og kroner 2,577 mill til klatrehall.

Sandvolleyballparken til Strandvik IL i Strandvik med sine 6 flotte nye banar fekk kroner 758.000 i tilskot fordelt på 3 søknader i potten for såkalla nærmiljøanlegg. Ådlandsfjorden IL sin bane for 7-arfotball med kunstgras på Holmefjord, som alt har vore i flittig bruk eit par år, fekk kroner 778.000 frå dei statlege tilskota. 

Du kan sjå heile fordelinga og kven som må venta til eit seinare år i 
møteprotokollen til utvalet.

Strandvik sandvolleyballpark - Klikk for stort bilete

Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 27.06.2018
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30