Aktuelt frå kommunen

Reisa til julestjerna

Frå filmen Reisen til julestjernen - Klikk for stort bileteFrå filmen Reisen til julestjernen

Ved inngangen til advent vert det ei kulturell storhending i Fusa med ei musikalsk framstilling av "Reisa til julestjerna" med lokale aktørar. Premieren er på Breidablikk i Sævareid torsdag 28. november. Det vert framsyning i Fusa samfunnshus på Fusa fredag 29. november og i Eikelandsfjorden samfunnshus søndag 1. desember. Søndag kan du også få med deg Julemarknad og Juleshow i Strandvik.

Dei som medverkar i denne oppsetjinga av "Reisa til Julestjerna" er Eikelandsosen skulemusikklag, Eikelandsfjorden musikklag, kulturskuletimen på Holdhus, Fusa og Strandvik skular, dansegruppe frå kulturskulen mfl.!
 


Sjå kulturkalenderen til Fusa kommune for fleire detaljar om lokale arrangement eller plakaten (PDF, 228 kB) til Reisa til julestjerna .

Du har fleire høve til ei god kulturell oppleving i starten på adventstida. Ta ein tur og nyt kortreist kultur!

 

Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 26.11.2013
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30