Aktuelt frå kommunen
Brenning av hageavfall | Fotograf: Folkehelseinstituttet
Hugs reglane for bråtebrenning fotograf Folkehelseinstituttet

Reglar for bråtebrenning

Mange er i gang med vårarbeid, og i det høvet vil brannsjefen minna om reglane for bråtebrenning. Han understrekar at ein berre kan brenna kvist, lauv, gras og anna naturleg hageavfall.

Hugs:

  • Brenning må ikkje skje nærare enn 8 m frå bygning, eller 10 m frå skog og mark
  • Ein bør ikkje brenna i sterk vind eller i tørkeperiodar
  • Ta nødvendig omsyn til naboar
  • Det må ikkje brennast ettar at det er blitt mørkt
  • Hageslange eller andre sløkkjemidlar skal vera klare til bruk ved bålet
  • Bålet må sløkkjast forsvarleg etter at brenning er avslutta
  • Dersom ovannemnde retningsliner vert følgde, treng ikkje brenning av små hagebål o.l. meldast til brannvesenet
  • All brenning skjer på eige ansvar

Merk at det i tida 15. april til 15. september er forbod mot å gjera opp eld i skog og mark utan løyve frå brannsjefen.

Evt. spørsmål om løyve kan rettast til vakthavande brannbefal i Fusa tlf. 478 05 640.

Sjå sida om brannberedskap for meir informasjon.

Sjå også kva Folkehelseinstituttet seier om helsekonsekvensane av bråtebrenning.
Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 25.04.2012
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30