Aktuelt frå kommunen

Redusert fartsgrense i Moshovdatunnelen

Skilt utforma som kvit trekant med raud kant og svart ropeteikn. Illustrasjon. - Klikk for stort bilete

Det har i nokre veker vore arbeidd med å utbetra grøftene i Moshovdatunnelen. Fartsgrensa er sett ned til 50 km/t i heile arbeidsperioden. Denne veka og neste (v. 7-8) er det pause i arbeidet, men det er framleis nedsett fartsgrense i tunnelen.

Kolonnekøyring med følgjebil

Trafikkantane har i nokre veker måtta rekna med ca 15 minuttars ventetid på vekedagar i tidsrommet kl 07.00-18.30. Innanfor desse klokkesletta har det vore manuell dirigering og kolonnekøyring med følgjebil. Dette vert teke opp att når tunnelarbeidet startar att om omlag to veker. Fartsgrensa er sett ned til 50 km/t heile døgeret.

Rutegåande bussar og utrykkingskøyretøy skal kunna passera med minimal venting. For personbilar er det mogleg å køyra gamlevegen forbi Hafskor. 

Arbeidet vert utført av entreprenør W. Giertsen Tunnel AS på oppdrag for Statens vegvesen. Grøftene i tunnelen skal renoverast. Arbeidet vert utført på ei side av tunnelen om gongen, opplyser Statens vegvesen.

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 15.02.2016
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30