Handlingsplan for Fusa kommune
Arbeidsnotatet frå rådmannen skal fylla fleire funksjonar og innheld difor tre hovuddelar:
Kommuneplanen sin handlingsdel (i tråd med plan- og bygningslova § 11-1)
Økonomiplan 2018-2021 (i tråd med kommunelova § 44)
Notatet byggjer på samfunnsdelen av kommuneplanen, vedteken økonomiplan 2017-2020 og statsbudsjettet for 2018.
Arbeidsnotatet frå rådmannen skal gje grunnlag for formannskapet sitt framlegg til vedtak både når det gjeld handlingsdel med økonomiplan 2018-2021 og årsbudsjett 2018.
Fokus på å sikra gode velferdstenester
Hovudfokus i budsjettet er å sikra at kommunen kan gje gode velferdstenester til innbyggjarane.
Budsjettframlegget til rådmannen skal vera eit godt grunnlag for dei politiske prosessane som skal gå
fram til eit endeleg budsjettvedtak i desember.
Forenkla budsjettdokument
Prosessen med eit fullstendig budsjettframlegg frå rådmannen, og deretter budsjettkonferanse over to dagar, er meint å gje politikarane våre eit godt grunnlag for å arbeida fram eit endeleg budsjett. Rådmannen har hatt som mål for den administrative prosessen å forenkla og forkorta budsjettdokumentet. Målet med prosessen er at dokumentet skal vera meir lesarvenleg.
Vidareføring av drift
Rådmannen legg i stor grad opp til ei vidareføring av dagens drift, men med justeringar for å møta
kravet om innstramming i statsbudsjettet. Alle einingane bidreg til dette kuttet, og har ein del framlegg
til justering av drift utover i tråd med forventninga om effektivisering i statsbudsjett.
Saldert 2018-budsjett
Fusa kommune skal i 2018 levera tenester til innbyggjarane for ca 335 mill kroner (bruttotal). Økonomiplanen derimot viser pr. no ikkje balanse i 2019 - 2021. F.o.m. 01.01.2020 skal Fusa vera del av Bjørnafjorden kommune, og dei to tidlegare kommunane skal ha eit felles budsjett. Av denne grunn er fokuset i økonomiplanperioden på dei to først åra. Frå 2020 vil det etter rådmannen si vurdering verta så store endringar at det er uråd no å laga noko realistisk prognosebilete.
Bjørnafjorden kommune
Rådmannen skriv i si innleiing at sidan Fusa og Os skal verta til Bjørnafjorden kommune i 2020 vil det krevja mykje av heile organisasjonen dei næraste åra. Utviklingsarbeidet Fusa og Os kommune i dag har, må innrettast mot den nye kommunen. Vi må sjå utvikling av tenestene og nye behov i samanheng med både
ressurssituasjonen den nye kommune vil vere i, korleis tenestene skal organiserast, og kva for
kompetanse organisasjonen har.
Prosjektet med å skapa ein ny kommune har akkurat kome i gang. Fellesnemnda og dei to kommunestyra må vere førebudde på å tilpassa drifta på tenestene til dei økonomiske rammene kommunane har. Dette arbeidet må vi starta alt i 2018 og 2019, seier rådmann Nils-Petter Borge i sitt første budsjettframlegg for Fusa kommune.