Aktuelt frå kommunen

Råd frå brannsjefen om trygg bålbrenning

Bål - Klikk for stort bilete

I samband med jonsokfeiringa i Fusa kjem brannsjefen med gode råd for trygg bålbrening. Fusa kommune ønskjer alle ein god og trygg midtsommarfest!

For å syta for branntryggleik og hindra forureining og plagar gjeld følgjande reglar for bålbrenning:

Ein person skal vera ansvarleg for bålet, og personen skal alltid vera tilgjengelig og ha tilgang til telefon for eventuelt å melde i frå om ukontrollert brann på telefonnr. 110. Sløkkeutstyr må finnast på staden. Bøtter med vatn kan nyttast.
Ikkje la born gå i klede som lett tek fyr. Ved brannskade på ein person, kjøl ned med vatn, kontakt helsevesenet på telefonnr. 113.
Bålet skal kun innehalde ubehandla materiale eller trevirke som til dømes pallar, hogstavfall og av kapp frå trær og hagevekstar som ein kan brenna.
Det er forbode å brenna miljøfarleg avfall som til dømes dekk, impregnert eller behandla treverk, tekstilar, plast, madrassar og gamle båtar.
Grunneigar sitt løyve må vera innhenta. 
Du treng ikkje melda frå om jonsokbål til brannvesenet. Den ansvarlege må sjølv vurdera dei lokale forholda, gjera seg kjend med Skogbrannindeksen for sitt område og bruka sunn fornuft.
Bålet må vera sløkt før du går i frå det. 
Bålområdet skal ryddast etter bruk. Spesielt gjeld det spikar.
Brannvesenet har rett til å nekta bålbrenning om vêrtilhøva tilseier det, til dømes ved sterk vind og/eller tørke som aukar brannfaren.
 
Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 23.06.2017
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30