Aktuelt frå kommunen

Privatisering av kommunale vegar

Kommunal veg til Håvik - Klikk for stort bilete Øystein Havsgård Kommunestyret vedtok i samband med handsaming av budsjettet for 2013 å overføra 25 km kommunale vegar til privat vedlikehald for å spara pengar. Eit politisk ad hoc-utval har arbeidd med saka. Det føreslår å "leggja ned" vel 44 km offentleg veg. Formannskapet skal handsama saka på nytt 19.2.

Ugildskap

Då saka var oppe til handsaming i formannskapet 25.09.2013, vart ho utsett fordi habiliteten til dei som skal handsama saka, måtte vurderast. Fleire av politikarane bur ved kommunal veg som er foreslått privatisert. Denne vurderinga er no gjort. Det er òg kome inn fleire innspel til saka frå oppsitjarar langs kommunale vegar.

Mandat

Ad hoc-utvalet har hatt desse medlemene: Ernst-Ove Hjartnes (Frp), Haldor Tuft (Sp) - leiar, Aud May Boge (H).

Mandatet dei fekk var følgjande: ”Adhoc-utvalet skal leggja fram eit konkret framlegg til kva vegar som kan/skal overførast til private, herunder framtidig eigarskap for veggrunn for kvar enkelt veg. Utvalet skal også koma med forslag om korleis ein kan hjelpa dei nye veglaga i gang med si organisering.”

Utvalet har hatt sju møte, og det er henta inn juridiske vurderingar frå advokatfirma.

Funksjon

Ad hoc-utvalet har vurdert alle vegar i kommunen og lagt til grunn at vegen sin funksjon skal vera avgjerande for om vegen skal leggjast ned. Der ein veg berre har funksjon som tilkomstveg for private eigedomar, har utvalet føreslått at vegen vert lagt ned som kommunal veg. Unnateke er nokre få lange vegar med få brukarar, der kostnaden vil verta svært høg for den enkelte brukar.

På nokre vegar meiner utvalet at det kan vera aktuelt å privatisera deler av vegen og la resten vera kommunal, for å unngå for stor belastning på brukarane.

Tilråding frå ad hoc-utvalet

  • Fusa kommune legg i medhald av veglova §7 ned som kommunal offentleg veg dei vegane som er førte opp på liste datert 6.9.2013 med tittel ”vegar som skal nedleggjast som offentleg veg”. Dette utgjer om lag 44,5 km veg. Desse vegane vert overførte til privat vedlikehald regulert av veglova kapittel 7 om private vegar.
  • Fusa kommune skal etter dette ha kommunale offentlege vegar som ført opp på liste datert 6.9.2013 med tittel ”framtidige kommunale vegar”. Dette utgjer om lag 28 km veg.
  • For dei vegane som vert nedlagde som offentleg veg, skal kommunen framleis eiga veggrunnen der denne er oppmålt og kommunen er tinglyst eigar. Det same gjeld grunn under tidlegare riks/fylkesvegar. For andre nedlagde vegar der det er frigrunnsfråsegner, vegar som opprinneleg er utlagt i utskiftingsforretningar eller tilsvarande, fylgjer veggrunnen over til veglaget.
  • Fusa kommune skal overfor veglaga ha rett til å ha liggjande eksisterande og til å leggja nye vassleidningar, avlaupsleidningar og overvassleidningar i og langs dei vegane som vert nedlagde som offentleg veg. Kommunen har også fri rett til tilkomst for drift og vedlikehald av desse leidingane. Tilsvarande gjeld for el. og tele/breibandskablar.
  • Fusa kommune stiller til disposisjon framlegg til vedtekter for veglag og kan hjelpa til med etablering av veglaga.
  • Tidspunkt for iverksetjing av nedlegginga vert sett til 1.1.2014.

Skepsis

Rådmannen uttrykkjer i saksutgreiinga skepsis til ad hoc-utvalet sitt framlegg om å leggja ned vegar som er regulerte til offentleg veg, utan å gå vegen om omregulering. Det vert peika på at å leggja ned ein veg som er regulert til offentleg veg, vil bety at ein etablerer noko som er i strid med reguleringsplanen, og at tomtekjøparar i eit kommunalt tilrettelagt felt må kunna stola på at vegen sin status som offentleg veg vert oppretthalden.

Rådmannen kjem ikkje med noko framlegg til vedtak, men sender ad hoc-utvalet sitt framlegg over til formannskapet for innstilling til kommunestyret. Kommunestyremøtet finn stad 6. mars.

Sjå heile saksutgreiinga (PDF, 4 MB) og vedlegg sak 4/14 (PDF, 8 MB).

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 12.02.2014
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30