Hordaland over kneiken
Hovudbodskapen i siste nummeret av Hordaland i tal er at næringslivet i fylket ser ut til å vere på veg over kneiken. Dette er basert på den utviklinga vi registrerer på ei rekkje indikatorar: Kroneverdien av eksport for årets første ni månader har aldri vore høgare. Det har aldri vore fleire verksemder i fylket enn i år og det har vore vekst i tal bedrifter i dei aller fleste næringane siste året. Etableringsraten er tettare på landssnittet enn den har vore på mange år. Det tydar på at det er stor aktivitet i næringslivet.
Låg arbeidssløyse - mange arbeidsplassar
Arbeidsløysa i fylket er på veg ned. Med ei arbeidsløyse i september på 3,6 %, har vi likevel eit stykke att før vi er nede på nivået som stabiliserte seg etter finanskrisa på mellom 2,5 og 3 %. Dette samsvarer med at tal arbeidsplassar er lågare enn før. For Bjørnafjordsregionen har talet arbeidsplassar auka frå 8253 i 2015 til 8304 i 2016. Fusa er mellom dei kommunane i fylket med lågast arbeidsløyse og er i ei eksklusiv gruppe på seks kommunar i Hordaland som har fleire arbeidsplassar enn yrkesaktive, og ein arbeidsplassdekning på 102%, medan det tilsvarande talet for Os er 57%.
Høgare utdanningsnivå
Innovasjon står sentralt i den fasen Hordaland no er inne i og er blitt viktigare enn nokon gong før. For å lukkast med dette må verksemdene tørra å satsa på forsking og dei må trekkja vekslar på kompetansen til menneska som bur i regionen. Trenden er at næringslivet i Hordaland nyttar stadig meir pengar på forsking og utvikling, men framleis mindre enn i andre fylke. Utdanningsnivået har aldri vore så høgt som no. For Bjørnafjordsregionen har delen med universitets- og høgskuleutdanning gått opp med 12 % over dei siste 20 åra.
Fusa ein industrikommune
Spørsmålet er om befolkninga har den kompetansen som arbeidslivet treng i framtida. Fusa er i dag ein utypisk kommune der dei sokalla sekundærnæringane står sterkt. Industri, bygg og anlegg står for heile 41% av sysselsettinga. I Os er privat tenesteyting størst med 44%. Uansett er det ein positiv trend at Bjørnafjordsområdet har hatt ein kraftig vekst i talet verksemder og området hadde i 2016 den sterkaste veksten av regionane i fylket.