Aktuelt frå kommunen

Politiske møte veke 25

Ei hand slår i bordet med ei møteklubbe. Foto. - Klikk for stort bilete

Torsdag 22.6. er det tid for dei siste politiske møta før sommarferien. Utval for plan og miljø (UPM) har ekstramøte kl 9 på Kommunetunet. Det er kommunestyremøte på Fusa vidaregåande skule same dag kl 10. Kommunestyret sitt møte er delt i to økter, der hovuddelen av møtet startar ca. kl. 13.

 

Saker til UPM

Det er berre ei sak som skal opp. Saka gjeld Vinnesbrotet - handsaming av klage på politisk vedtak om melombels dispensasjon til drift. Sakspapira finn du i innkalling del 1  og del 2 .

 

Saker til kommunestyret

Kommunestyret har mange saker på sakslista. Møtet startar kl. 10 med oppfølging av kommunestyresak nr 19/2017 - sak om varsling. Det vil verta delt ut ein rapport til representantane og sett av nødvendig tid til gjennomlesing i møtet.

Handsaming av dei andre sakene på sakslista er venta å skje frå ca. kl. 13. Saker til denne økta er val av utbyggingsalternativ for hovudbrannstasjon i Eikelandsosen, interkommunalt samarbeid om tilsyn med forsøpling, samarbeid mellom eining Undervisning og private skular, godkjenning av regulering for Nedre Skjørsand fritidsanlegg, årsmelding og rekneskap for 2016, rapport på økonomi og drift pr. 1.5.2017 (tertialrapport), interkommunalt legevaktsamarbeid og tilbygg/påbygg Nore Fusa skule, for å nemna nokre. 

Sjå innkalling del 1 (PDF, 3 MB)del 2 (PDF, 472 kB) og del 3 (PDF, 660 kB) for å få heile sakslista.

Publisert av Heidi Chatrine Bergesen. Sist endra 21.06.2017
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30