Aktuelt frå kommunen

Politiske møte 16.-22. november

Ei hand slår i bordet med ei møteklubbe. Foto. - Klikk for stort bilete

Ungdomsrådet har møte fredag 16.11, senior- og funksjonsrådet og ungdomsrådet måndag 19.11., formannskapet 21.11. og utval for plan og miljø (UPM) 22.11. Møta er opne for alle interesserte. Sakspapir finn du på heimesida

Møtetid og møtestad

  • Ungdomsrådet - fredag 16.11.2018 kl 11.30 i Kommunetunet i Eikelandsosen
  • Senior- og funksjonsrådet - måndag 19.11.2018 kl 14.00 i Kommunetunet
  • Formannskapet - onsdag 21.11.2018 kl 12.00 i Kommunetunet i Eikelandsosen
  • Utval for plan og miljø - torsdag 22.11.2018 kl 16.00 i Kommunetunet i Eikelandsosen. 

Politiske gruppemøte 

Det vert gruppemøte i dei politiske partia vedkomande utvalssakene måndag 19.11.2018 kl 18.00 i Kommunetunet..

Møterunden vert avslutta i veke 50

  • Kommunestyret - torsdag 13.12.2018 - tidspunkt og saksliste vert kunngjort seinare.

Sakspapir

Politiske sakspapir vert publiserte automatisk på heimesida gjennom innsynsordninga. Du finn dei via toppmenypunktet "Innsyn/Postliste", og deretter undermenypunktet "Møteplan/politiske sakspapir".

I møteplanen klikkar du deg vidare inn på det aktuelle møtet du er interessert i. Du får då informasjon om møtet, sakskart med alle sakene samla, og sakliste der du kan gå inn på kvar enkelt sak. Her finn du òg oversikt over medlemene i det aktuelle utvalet.

Saklister med sakspapir er òg lagt ut til gjennomsyn i biblioteket i Kommunetunet. 

 
Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 21.11.2018
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30