Aktuelt frå kommunen

Politisk møteveke 28.-31. januar 2019 og i v. 7

Ei hand slår i bordet med ei møteklubbe. Foto. - Klikk for stort bilete

Ungdomsrådet og Senior- og funksjonsrådet startar møterunden måndag 28.01. Formannskapet har møte onsdag 30.01. og utval for plan og miljø (UPM) 31.01. Møta finn stad i Kommunetunet i Eikelandsosen, bortsett frå senior- og funksjonsrådet som har møte på Os. Møta er opne for alle interesserte. Sakspapir finn du på heimesida.

Møtetid og møtestad

  • Gruppemøte - måndag 11.02.2019 kl. 18.00 i Kommunetunet i Eikelandsosen. 
  • Kommunestyret - torsdag 14.02.2019 kl. 18.00 i Trivselstunet dagsenter i lokala til Fusa vidaregåande skule i Eikelandsosen. Sakspapira finn du her.
  • Ungdomsrådet - måndag 28.01.2019 kl. 08.30-11.00 i Kommunetunet i Eikelandsosen.
  • Senior- og funksjonsrådet - måndag 28.01.2019 kl. 10.00-11.30 i formannskapssalen i Os rådhus.
  • Fellesmøte Fusa senior- og funksjonsråd, Os eldreråd og Os sitt råd for menneske med nedsett funksjonsevne - måndag 28.01.2019 kl. 11.30-15.00 i kommunestyresalen i Os rådhus. 
  • Formannskapet - onsdag 30.01.2019 kl. 16.00 i Kommunetunet i Eikelandsosen. 
  • Utval for plan og miljø - torsdag 31.01.2019 kl. 12.00-16.00 i Kommunetunet i Eikelandsosen.

NB! Det vert ikkje møte i administrasjonsutvalet 29. januar 2019.

Politiske gruppemøte 

Det vert gruppemøte i dei politiske partia med drøfting av utvalssakene måndag 28.01.2019 kl. 18.00 i Kommunetunet.

Sakspapir

Politiske sakspapir vert publiserte automatisk på heimesida gjennom innsynsordninga. Du finn dei via toppmenypunktet "Innsyn/Postliste", og deretter undermenypunktet "Møteplan/politiske sakspapir".

I møteplanen klikkar du deg vidare inn på det aktuelle møtet du er interessert i. Du får då informasjon om møtet, sakskart med alle sakene samla, og sakliste der du kan gå inn på kvar enkelt sak. Her finn du òg oversikt over medlemene i det aktuelle utvalet.

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 11.02.2019
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30