Aktuelt frå kommunen

Politisk møteveke 17.-20. september 2018

Ei møteklubbe i bevegelse. Foto. - Klikk for stort bilete

Senior- og funksjonsrådet og ungdomsrådet har møte måndag 17.09., formannskapet 19.09. og utval for plan og miljø (UPM) 20.09. Møta er opne for alle interesserte. Sakspapir finn du på heimesida

Møtetid og møtestad

  • Senior- og funksjonsrådet - måndag 17.09.2018 kl 09.00 i dagsenterlokala på Fusa vidaregåande skule i Eikelandsosen 
  • Ungdomsrådet - måndag 17.09.2018 kl 11.30 i Kommunetunet i Eikelandsosen
  • Formannskapet - onsdag 19.09.2018 kl 16.00 i Kommunetunet i Eikelandsosen
  • Utval for plan og miljø - torsdag 20.09.2018 kl 16.00 i Kommunetunet i Eikelandsosen. NB! Det vert synfaring i sak 068/2018 - Hovden på Holdhus. Oppmøte på parkeringsplass utanfor Kommunetunet kl 15.00.

Fellesmøte for Fusa og Os

Fusa senior og funksjonsråd har fellesmøte med Os kommune sitt eldreråd og Os sitt råd for menneske med nedsett funksjonsevne måndag 17.09.2018 kl 12.00. Møtet finn stad i dagsenterlokala på Fusa vidaregåande skule i Eikelandsosen. 

Politiske gruppemøte 

Det vert gruppemøte i dei politiske partia vedkomande utvalssakene måndag 17.09.2018 kl 18.00 i Kommunetunet.

Arbeidarpartiet har sitt gruppemøte tysdag 18.09.2018 kl 18.00-20.00 i Kommunetunet.

Møterunden vert avslutta i veke 40

  • Kommunestyret - torsdag 04.09.2018 - tidspunkt og saksliste vert kunngjort seinare.

Sakspapir

Politiske sakspapir vert publiserte automatisk på heimesida gjennom innsynsordninga. Du finn dei via toppmenypunktet "Innsyn/Postliste", og deretter undermenypunktet "Møteplan/politiske sakspapir".

I møteplanen klikkar du deg vidare inn på det aktuelle møtet du er interessert i. Du får då informasjon om møtet, sakskart med alle sakene samla, og sakliste der du kan gå inn på kvar enkelt sak. Her finn du òg oversikt over medlemene i det aktuelle utvalet.

Saklister med sakspapir er òg lagt ut til gjennomsyn i biblioteket i Kommunetunet. 

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 14.09.2018
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30