Aktuelt frå kommunen

Politisk møteveke 12.-15. mars 2018

Ei møteklubbe i bevegelse. Foto. - Klikk for stort bilete

Senior- og funksjonsrådet, Ungdomsrådet og Administrasjonsutvalet har møte måndag 12. mars, Formannskapet 13. mars og Utval for plan og miljø og Kontrollutvalet 15. mars. Politikarane skal m.a. handsama planprogrammet til områdeplan for Eikelandsosen.

Møtetid og møtestad

  • Fellesmøte mellom senior- og funksjonsrådet, Os eldreråd og Os sitt råd for menneske med nedsett funksjonsevne - måndag 12.03.2018 kl 10.00 i kommunestyresalen, Os rådhus
  • Senior- og funksjonsrådet - måndag 12.03.2018 etter fellesmøtet i kommunestyresalen, Os rådhus 
  • Ungdomsrådet - måndag 12.03.2018 kl 11.30-14.00 i Kommunetunet i Eikelandsosen
  • Administrasjonsutvalet - måndag 12.03.2018 kl 16.00 i Kommunetunet i Eikelandsosen
  • Fellesmøte Fusa administrasjonsutval og Os personalutval - måndag 12.03.2018 kl 17.00 i Kommunetunet i Eikelandsosen
  • Formannskapet - tysdag 13.03.2018 kl 16.00 i Kommunetunet i Eikelandsosen
  • Utval for plan og miljø - torsdag 15.03.2018 kl 16.00 i Kommunetunet i Eikelandsosen
  • Kontrollutvalet - torsdag 15.03.2018 i Kommunetunet i Eikelandsosen

Sakspapir

Politiske sakspapir vert frå og med denne møterunden publiserte automatisk på heimesida gjennom innsynsordninga. Du finn dei via toppmenypunktet "Innsyn/Postliste", og deretter undermenypunktet "Møteplan". I møteplanen klikkar du deg vidare inn på det aktuelle møtet du er interessert i. Du får då informasjon om møtet, sakskart med alle sakene samla, og sakliste der du kan gå inn på kvar enkelt sak. Her finn du òg oversikt over medlemene i det aktuelle utvalet.

Saklister med sakspapir er òg lagt ut til gjennomsyn i biblioteket i Kommunetunet.

Møta er opne for alle interesserte. 

Møterunden vert avslutta i veke 15 med:

  • Kommunestyret - torsdag 12.04.2018 - tidspunkt og saksliste vert kunngjort seinare.

Politiske gruppemøte 

Arbeidarpartiet har gruppemøte onsdag 06.03.2018 kl 18.00 i Kommunetunet.

Det vert gruppemøte i dei andre politiske partia vedkomande utvalssakene måndag 12.03.2018 kl 18.00 i Kommunetunet.

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 12.03.2018
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30