Aktuelt frå kommunen

Politisk møterunde

Kommunal veg til Håvik - Klikk for stort bileteKommunal veg til Håvik Øystein Havsgård Denne veka vert det skipa til møte i fem politiske råd og utval. Møta finn stad i Kommunetunet og er opne for alle. Lokalpolitikarane skal handsama til saman nesten 40 saker, m.a. nedlegging av kommunale vegar, busetjing av flyktningar, arealplanprogram, skatepark og eldredag. Det er òg tid for å sjå på status både for investeringsprosjekt og kommuneøkonomi.  

Ungdomsrådet

Først ute i møterunden er ungdomsrådet (PDF, 64 kB), som har møte tysdag 24.09. kl 12. Konstituering av nytt ungdomsråd for 2013-2014 står øvst på dagsorden. Ungdommane skal elles ta stilling til søknader om tilskot til CD-produksjon og skatepark, og byrja arbeidet med sitt eige handlingsprogram for kva saker dei skal fokusera på. Ungdomsråda si rolle i det politiske systemet er òg oppe til debatt på nasjonalplan, og fusaungdommane tek del i debatten.

Formannskapet

Kva vegar skal gjerast om frå kommunale til private? Det politiske ad hoc-utvalet si innstilling skal drøftast i formannskapet (PDF, 252 kB)onsdag 25.09. kl 15. Skal Fusa kommune seia ja til å busetja 30 flyktningar dei komande tre åra? Kva uttale skal Fusa kommune gje til dei to søknadene som er fremja om godkjenning av private Montesorriskular i Fusa? Auka budsjettrammer for den nye basen for funksjonshemma elevar ved Fusa ungdomsskule og for tilbygg/ombygging ved Nore Fusa oppvekstsenter er òg mellom sakene som står på sakskartet. Gjennomgang av tertialrapporten for Fusa kommune avsluttar møtet.

Utval for plan og miljø (UPM)

Frådelingar og klagesaker står som vanleg på dagsorden i UPM, som startar møtet sitt torsdag 26.09. kl 14 med synfaringar. Flytting av oppdrettsanlegg ved Skåtaklubben på Vinnes og endeleg handsaming av planprogrammet til arealdelen av kommuneplanen er òg mellom sakene til Utval for plan og miljø (PDF, 289 kB).

Kommunestyret avgjer

Rådet for seniorar og menneske med nedsett funksjonsevne (PDF, 790 kB)har møte tysdag 24.09. kl 17 og administrasjonsutvalet (PDF, 21 kB) onsdag 25.09. kl 14.

Det vert medlemsmøte i dei politiske partia måndag 23.09. kl 19, der utvalssakene vert drøfta. 

Kommunestyret fattar endeleg vedtak i mange av desse sakene 15. oktober.

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 23.09.2013
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30