Aktuelt frå kommunen

Politisk møterunde veke 5

Ei hand slår i bordet med ei møteklubbe. Foto. - Klikk for stort bilete

I veke 5 vert det møte i diverse politiske råd og utval. Politikarane skal handsama saker som omhandlar m.a vidare arbeid med Kommunereforma, endring av gebyrregulativ, stausmelding om busetjing av flykningar, prosjektrapportering pr. 16.01.2017.

 Sjå sakslister med sakspapir

Møterunden avsluttar med kommunestyremøte torsdag 16.02.2017.

Møtedatoar

* Ungdomsrådet - måndag 30.01.2017 kl 11.30 - på Kommunetunet

* Senior- og funksjonsrådet - måndag 30.01.2017 kl 15.00 -  på Kommunetunet

* Administrasjonsutvalet - tysdag 31.01.2017 kl 12.00 - på Kommunetunet

* Formannskapet - onsdag 01.02.2017 kl 12.00 - i lokala til Medio Utleieservice, over butikken i Strandvik

* Utval for plan og miljø torsdag 02.02.2017 kl 16.00 på Kommunetunet

Sakslister med sakspapir er òg lagt ut til gjennomsyn i biblioteket på Kommunetunet

Møterunden vert avslutta i veke 7 med:

* Kommunestyret - torsdag 16.02.2017 - møtestad, tidspunkt og saksliste vert kunngjort seinare.

Politiske gruppemøte

Det vert politiske gruppemøte i dei politiske partia vedkomande utvalssakene måndag 30.01.2017 kl 18.00 på Kommunetunet.

Det vert gruppemøte i dei politiske partia vedkomande kommunestyresakene måndag 13.02.2017 kl 18.00 på Kommunetunet.

 

 

Publisert av Heidi Chatrine Bergesen. Sist endra 31.01.2017
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30