Aktuelt frå kommunen

Politisk møterunde med fokus på økonomi og areal

Møteklubbe - ordførarklubbe i tre. Foto. - Klikk for stort bilete

Korleis er den økonomiske situasjonen i Fusa pr 1.5.2015? Tertialrapporten står på sakskartet i den politiske møterunden i juni. Det gjer òg m.a. forslaget til ny arealplan, årsmelding og rekneskap for 2014, vegnamn for Hålandsdalen og søre del av kommunen, KommuneROS Fusa 2015, tilskot til ungdomstiltak og skulestruktur. 

Det er møte i politiske råd og utval i juni i veke 23-24. Møta finn stad i Kommunetunet i Eikelandsosen og er opne for alle interesserte. Saklister med sakspapir er publiserte på heimesida og lagt ut på biblioteket i Kommunetunet. Politikarane skal til saman handsama om lag 50 saker.
 
Det er medlemsmøte i dei politiske partia vedkomande utvalssakene måndag 01.06.2015 kl 19.00 i Kommunetunet.
 

Kommunestyret skal fatta endeleg vedtak i fleire av sakene. Det siste kommunestyremøtet før sommarferien finn stad 18. juni. Innkalling med sakspapir vert publisert om lag ei veke før møtet.

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 01.06.2015
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30