Aktuelt frå kommunen

Politisk møterunde med budsjettfokus

Ein stabel med norske myntar oppå eit teppe av norske setlar av ulik valør. Illustrasjonsfoto. - Klikk for stort bilete

I neste veke er det møte i råd og utval i Fusa kommune. Politikarane skal handsama over 30 saker. På sakskartet står t.d. Ungdommens kulturmønstring (UKM), reguleringsendring, politisk organisering, krøllgrasbane og ballbinge. Og ikkje minst budsjett og økonomiplan. 

Alle møta finn stad i Kommunetunet i Eikelandsosen, og dei er opne for alle interesserte.

Ungdomsrådet

Først ute er Ungdomsrådet som har møte tysdag 25.11. kl 12.00. Dei har 10 saker på dagsorden og skal m.a. diskutera fornying av Ungdommens kulturmønstring, planar om krøllgrasbane i Eikelandsosen og ballbinge ved Søre Fusa oppvekstsenter. Dei skal òg ta stilling til søknader om tilskot. Og dei har høve til å koma med sin uttale til det vidare arbeidet med budsjettet for 2015 og økonomiplanen for Fusa kommune 2015-2018. Sjå sakspapira. (PDF, 18 MB)

Formannskapet si budsjettilråding

Onsdag 26.11. kl 13.00 er det møte i formannskapet. Dei skal handsama 12 saker. Den største er handlingsplanen til Fusa kommune dei komande fire åra, som omfattar budsjettet for 2015 og økonomiplanen for 2015-2018. Rådmannen har lagt fram sitt arbeidsnotat (PDF, 6 MB). I følgje kommunelova er det formannskapet som skal gje tilråding i både budsjett og økonomiplan. Tilrådinga skal leggjast ut til offentleg ettersyn i minst 14 dagar før kommunestyret handsamar og fattar endeleg vedtak i saka 18.12.

Fleire av sakene som skal handsamast i formannskapet, har samanheng med budsjettsaka, m.a. prosjektrapportering og spørsmålet om nedlegging av kommunale vegar, som har vore oppe fleire gonger. Sjå sakspapira (PDF, 16 MB).

Andre råd og utval

Også Rådet for seniorar og menneske med nedsett funksjonsevne, som har møte tysdag 25.11. kl 17.00, har høve til å koma med uttalar til budsjettarbeidet. Sjå sakspapira (PDF, 17 MB).

Utval for plan og miljø har møte torsdag 27.11. kl 16.00. Sjå sakspapira (PDF, 18 MB).

Alle sakspapir er tilgjengelege digitalt på heimesida til Fusa kommune og i papirform i biblioteket i Kommunetunet seinast ei veke før møtedato.

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 26.11.2014
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30