Aktuelt frå kommunen

Politisk møterunde i november

Ei hand slår i bordet med ei møteklubbe. Foto. - Klikk for stort bilete I veke 47 vert det møte i diverse politiske råd og utval. Kommunepolitikarane skal handsama saker som omhandlar m.a. kommunal planstrategi, busetting av flyktningar i 2017, helsesenter på Leiro, ruspolitisk handlingsplan, nærpolitireforma og Budsjett 2017 - Økonomiplan 2017-2020. Møterunden avsluttar med kommunestyremøte torsdag 15.12.2016.

Møtedatoar

  • Ungdomsrådet - måndag 21.11.2016 kl 11.30
  • Senior- og funksjonsrådet - måndag 21.11.2016 kl 15.00
  • Administrasjonsutvalet - tysdag 22.11.2016 kl 14.00
  • Formannskapet - onsdag 23.11.2016 kl 10.00 
  • Utval for plan og miljø torsdag 24.11.2016 kl 16.00

Møta finn stad i Kommunetunet i Eikelandsosen og er opne for alle interesserte. Saklister med sakspapir er òg lagt ut til gjennomsyn i biblioteket i Kommunetunet.

Møterunden vert avslutta i veke 50 med:

  • Kommunestyret - torsdag 15.12.2016 - tidspunkt og saksliste vert kunngjort seinare.

Politiske gruppemøte

Det vert  gruppemøte i dei politiske partia vedkomande utvalssakene måndag  21.11.2016 kl 18.00 i Kommunetunet.

Det vert  gruppemøte i dei politiske partia vedkomande kommunestyresakene   12.12.2016 kl 18.00 i Kommunetunet.

Publisert av Ottar Midtrød. Sist endra 18.11.2016
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30