Aktuelt frå kommunen

Politisk møterunde i juni

Frå strekninga Skåte-Skjørsand - Klikk for stort bileteFrå strekninga Skåte-Skjørsand Erik Vangsnes

 

Økonomi står i fokus i junimøterunden til lokalpolitikarane, der råd og utval får presentert til saman vel 30 saker. 4. juni skal formannskapet (PDF, 478 kB) handsama både årsmelding og rekneskap for 2012, samtidig som dei får presentert tala for dei fire første månadene i år. Kommunale retningsliner for startlån, underskotsgaranti for Kystsogedagen 2013, medfinansiering av rapport om ferjefri E 39 Aksdal-Bergen og forskottering av parsellen Skjørsand-Skåte på FV 122 står òg på saklista.

Vegforskottering

Innbyggjarane på Fusahalvøya har måtta venta nokre år på at den siste biten av FV 122 mellom Fusa og Strandvik vert utbetra. Fusa kommune søkte 24.01.07 saman med Frank Mohn Fusa AS (7,5 mill) og Fusa kraftlag SA (7,5 mill) om å få forskottera kr 15 mill for å få utbetra denne strekninga. Søknaden vart godkjend av fylkeskommunen 29.03.2007. Fusa Kraftlag har deretter meldt frå at dei ikkje vil utbetala forskotteringa utan at dei får stadfesta ein tilbakebetalingsplan frå Hordaland fylkeskommune. Det har dei ikkje fått.

Fusa kommune og Fusa Kraftlag har no forhandla seg fram til ein avtale om at kommunen overtek kraftlaget si planlagde forskottering på kr 7,5 mill., medan kraftlaget i ein avtalt tidsperiode dekkjer rentene på lånet på kr 7,5 mill. som Fusa kommune må ta opp. Rådmannen rår til at avtalen vert godkjent slik han ligg føre frå forhandlingsutvalet, som har vore sett saman av Magne Djuvik (Frp), Mikal Leigland (SP) og ordførar Hans Vindenes.

Minnesmerke og kystsogedag

Skal Fusa kommune gje tilskot til eit minnesmerke over grunnleggjaren av Engevik Gaard, Christian Wilhelm Segelcke? I år er det 250 år sidan han døydde. Dette skal markerast med eit storstilt og spennande program under Kystsogedagane 24. august. Initiativtakar er Sævareidfjorden ungdomslag. 

Beredskapsplanar

Formannskapet får òg to beredskapsplanar på bordet: Smittevernplanen for Fusa kommune utarbeidd av kommuneoverlegen, og beredskapsplanen for dei kommunale vassverka.

Ungdomsrådet (PDF, 79 kB) og Rådet for seniorar og menneske med nedsett funksjonsevne (PDF, 196 kB) har møte 4. juni, medan Utval for plan og miljø (PDF, 410 kB) har møte 6. juni.

Kommunestyret fattar endeleg vedtak i mange av desse sakene 18. juni.

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 04.06.2013
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30