Aktuelt frå kommunen

Politisk møterunde i april 2016

Ei hand slår i bordet med ei møteklubbe. Foto. - Klikk for stort bilete Komande veke vert det møte i diverse råd og utval. Kommunepolitikarane skal handsama til saman om lag 55 saker som omhandlar m.a. barnehage, skule, pleie og omsorg, kommunale vegar, private idrettsanlegg, kulturskule, fleirbrukshall, områdeplan og dispensasjonar. Møterunden avsluttar med kommunestyremøte 27. april.

Møteoversikt

Det vert medlemsmøte/gruppemøte i dei politiske partia vedkomande utvalssakene måndag 11.4.2016 kl 19.00 i Kommunetunet. Sp sitt gruppemøte tek til kl 18.00.

Møta finn stad i Kommunetunet og er opne for alle interesserte.  

Saker

Saklister med sakspapir finn du via lenkene ovanfor. Sakspapira vert publiserte på heimesida og lagt ut til gjennomsyn i biblioteket i Kommunetunet veka før møtet.

Ungdomsrådet skal m.a. handsama tilskot til rusfrie ungdomsarrangement, kulturskulesamarbeid Os-Fusa, spørsmål knytt til introduksjonsstønad til 18-25-åringar som deltek i introduksjonsprogrammet for flyktningar, byggeløyve for fleirbrukshallen og lovfesting av ordninga med ungdomsråd. I tillegg skal dei diskutera fleire andre saker som skal opp i andre utval og kommunestyret.

Senior- og funksjonsrådet skal m.a. handsama nye satsar knytt til nye omsorgsbustader ved Fusa bu- og behandlingssenter, driftssituasjonen i Pleie og omsorg (PLO) og driftsstøtte og lånegaranti til ASVO Fusa AS - og fleire andre saker som skal opp i andre utval og kommunestyret.

Formannskapet har ei lang sakliste med mange store saker, m.a. driftssituasjonen i PLO, skulestruktur trinn 2, prosjektrapportering 2016, prioritering av kva kommunale vegar som skal utbetrast i 2016, tilskot til private idrettsanlegg, reviderte vedtekter for barnehagane, skulekrinsforskrift, endra statuttar for Revnestranden skogplantingsfond og kulturskulesamarbeid.

Utval for plan og miljø skal i tillegg til fleire dispensasjonssaker handsama geografisk avgrensing av områdeplan for Eikelandsosen og løyve til å byggja fleirbrukshall. 

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 11.04.2016
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30