Aktuelt frå kommunen

Politisk møterunde 24.-31. mai 2018

Ei hand slår i bordet med ei møteklubbe. Foto. - Klikk for stort bilete

Kontrollutvalet startar møteveka 24. mai og Utval for plan og miljø acsluttar 31. mai. Politikarane skal m.a. handsama årsmelding og rekneskap for 2017, folkehelserapport 2018, første tertialrapport, oppstart av områdeplanarbeid i Strandvik og hovudbrannstasjon i Eikelandsosen. 

Møtetid og møtestad

Møta finn stad i Kommunetunet i Eikelandsosen, og dei er opne for alle interesserte.

  • Kontrollutvalet - torsdag 24.05.2018 kl 10.00 - sjå sakspapir (PDF, 16 MB).
  • Ungdomsrådet - måndag 28.05.2018 kl 11.30
  • Senior- og funksjonsrådet - måndag 28.05.2018 kl 14.30 
  • Formannskapet - onsdag 30.5.2018 kl 13.00
  • Utval for plan og miljø - torsdag 31.5.2018 kl 16.00

Møta er opne for alle interesserte.

Saker og sakspapir

Politikarane skal handsama mange og varierte saker i denne møterunden. Dei får presentert ein rykande fersk folkehelserapport for Fusa kommune - "Levekår og helse for barn og unge". Årsmelding og årsrekneskap for 2017 skal opp til godkjenning. Dei får status på korleis drifta i kommunen ligg an så langt i 2018 gjennom tertialrapport og prosjektrapportering.

Dei skal handsama sak om opprusting/utbygging av hovudbrannstasjonen i Eikelandsosen, og oppstart av arbeid med områdeplan for Strandvik sentrum. Eit anna samfunnssikkerheitsprosjekt står òg på saklista: Kartlegging av kritiske punkt i bekker og bratte vassdrag, saman med bestandsplan for hjort og etablering av Bjørnafjorden kulturskule.

Politiske sakspapir vert publiserte automatisk på heimesida gjennom innsynsordninga. Du finn dei via toppmenypunktet "Innsyn/Postliste", og deretter undermenypunktet "Møteplan". I møteplanen klikkar du deg vidare inn på det aktuelle møtet du er interessert i. Du får då informasjon om møtet, sakskart med alle sakene samla, og sakliste der du kan gå inn på kvar enkelt sak. Her finn du òg oversikt over medlemene i det aktuelle utvalet.

Saklister med sakspapir er òg lagt ut til gjennomsyn i biblioteket i Kommunetunet.

Møterunden vert avslutta i veke 25 med:

Administrasjonsutvalet - møtet er flytta til måndag 18.06.2018 kl 16.30.

Kommunestyret - torsdag 21.06.2018 - tidspunkt og saksliste vert kunngjort seinare.

Politiske gruppemøte 

Det vert gruppemøte i dei politiske partia vedkomande utvalssakene måndag 28.05.2018 kl 18.00 i Kommunetunet.

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 23.05.2018
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30