Aktuelt frå kommunen

Pleie og omsorg har ernæring og riktig legemiddelbruk på dagsorden

Sjukeheimsmat - illustrasjonsfoto - Klikk for stort bileteSjukeheimsmat - illustrasjonsfoto Sykepleien

Det trengst oppdatert kunnskap om ernæring og legemiddelbruk innan pleie- og omsorgstenestene i kommunane. Fusa bu- og behandlingssenter (FBBS) og heimesjukepleien deltek no i eit læringsnettverk for å bli endå betre på desse viktige områda.

"I trygge hender 24-7"

Pasientsikkerheitsprogrammet "I trygge hender 24-7" vart til på oppdrag frå Helse- og omsorgsdepartementet i 2014. Frå 2019 vert "I trygge hender 24-7" drive vidare av Avdeling for kvalitetsforbedring og pasientsikkerhet i Helsedirektoratatet. Målet er å medverka til å

  • redusera pasientskadar
  • byggja varige strukturar for pasientsikkerheit
  • betra pasientsikkerheitskulturen i helsetenesta.

For å få dette til, er det peika ut ei samling område der det skal setjast inn ekstra innsats og konkrete tiltak for å bli betre. To av desse innsatsområda er riktig legemiddelbruk, og førebygging og behandling av underernæring.

Læringsnettverk

Ei anna målsetjing er å styrkja kompetansen innan forbetringsarbeid i helse- og omsorgstenestene. 

Utviklingssenter for sykehjem og hjemmetjenester (USHT) i Hordaland har difor, i samarbeid med Fylkesmannen i Vestland, invitert kommunane til å delta i læringsnettverk knytt til dei to satsingsområda førebygging og behandling av underernæring, og riktig legemiddelbruk.

Det vert gjort mykje godt arbeid på området. Riksrevisjonen sin rapport frå 2018 om tilgjenge og kvalitet i eldreomsorga, peikar likevel på at det er store utfordringar med pasientsikkerheita i eldreomsorga, m.a. når det gjeld ernæring, legemidlar og fall.

"På lik linje med andre kommunar treng også Fusa oppdatert kunnskap om ernæringsoppfølging og riktig legemiddelbruk. Vi ønskjer mellom anna å bli endå betre på systematikk og dokumentasjon innan desse viktige områda," fortel einingsleiar for Pleie og omsorg i Fusa kommune, Gro Elisabeth Almås

Pleie og omsorg har difor meldt 11 tilsette frå både FBBS og heimesjukepleien på nettverket, som starta opp 30. september. "I tillegg til leiar, helsefagarbeidarar og sjukepleiarar, vil også sjukeheimslegen ta del i læringsnettverket," opplyser Almås.

"Leve hele livet"

Både satsingsområda og vektlegginga av forbetringskunnskap er forankra i kvalitetsreforma for eldre "Leve hele livet". USHT er ein del av det regionale støtteapparatet som i samarbeid med KS og Fylkesmannen i Vestland, skal leggja til rette for erfaringsdeling og spreiing av innsatsområda i "Leve hele livet".

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 02.10.2019
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30