Aktuelt frå kommunen

Planregister i lomma

Hildegunn Øpstad fekk takk frå Jan-Egil Leirstein for vel utført arbeid med planregisteret. - Klikk for stort bilete

Fusa kommune har no eit digitalt planregister tilgjengeleg på heimeside via kartløysinga Fonnakart. Her er alle godkjende areal- og reguleringsplanar sette i system og med eit par klikk får ein ut informasjon om kvar plan.

Sluttføringa av arbeidet med å ferdigstilla planregisteret i Fusa kommune har vore ein viktig milepæl som vart markert med kake og samling i lunsjen på Kommunetunet fredag 2. desember.

Lovpålagd sidan 2008

Det har vore lovpålagd sidan 2008 at kommunane skal ha eit digitalt planregister. Det er difor svært viktig at me no har dette på plass, seier ein nøgd plan- og bygningssjef Jan-Egil Leirstein.

Frå internt til eksternt system

Vegen frå perm og papirarkiv til fullverdig digitalt planregister starta i 2009. Dei første åra hadde kommunen berre ressursar til å etablera eit internt system til sakshandsaming. Dei siste åra har kommunen prioritert innsynsdelen og fått systemet opp på eit nytt nivå. Gis-koordinator Hildegunn Øpstad har vore kommunen sin kontaktperson, og har stått for mykje av arbeidet med skanning og organisering og systematisering av alle dokumenta, fortel plan- og bygningssjef Jan Egil Leirstein.

Tilskot frå Kartverket

Kartverket har gått inn med kr 200 000,- for å støtta dette viktige arbeidet og har hatt ein medverkande rolle til fullføring av prosjektet.

Plan i lomma

"Alle" går no rundt med planregisteret i lomma. Innbyggarane kan via mobiltelefonen sin slå opp i Fonnakart-løysinga og finne godkjende planar med vedtak og føresegner. Denne løysinga skal kontinuerleg ajourførast. Alle planframlegg skal leverast på digitalt format ved første gongs handsaming i kommunen, slik at dei kan leggast inn i kartet direkte, seier Leirstein.

Feira planregister med kake - Klikk for stort bilete

 
Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 06.12.2016
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30