Aktuelt frå kommunen

Planbehov i Fusa kommune 2014-2016

Det er utarbeidd framlegg til kommunal planstrategi for Fusa kommune 2014-2016, slik plan- og bygningslova krev. På budsjettkonferansen sin 11.-12. september kom formannskapet med sine innspel til planbehovet i perioden.  

Planstrategien inneheld m.a. vurdering av eksisterande plansystem, av samfunnsdelen av kommuneplanen og av utviklingstrekk og utfordringar i Fusa. Den munnar ut i ei prioritert liste over kva planar som må lagast i perioden 2014-2016 for å nå ønskte mål for utviklinga av fusasamfunnet og stetta nasjonale lovkrav.

Kommunestyret skal handsama framlegget til planstrategi 16. oktober 2014. Heile framlegget til planstrategi (PDF, 913 kB)ligg til offentleg ettersyn på heimesida.

Snarveg:

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 16.09.2014
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30