Aktuelt frå kommunen

Pilotprosjekt i Trollskogen barnehage

Pilotprosjekt Trollskogen barnehage - Klikk for stort bilete Trollskogen barnehage er plukka ut som ein av fem barnehagar i Hordaland til å presentera sitt arbeid med "Barnehagen som læringsmiljø og danningsarena" for utdanningsdirektoratet. Dette er ei stor anerkjenning av det faglege arbeidet i barnehagen.

 

 

I januar 2012 vart Trollskogen barnehage plukka ut til å vera med på eit pilotprosjekt via Fylkesmannen i Hordaland, det var 18 barnehagar frå Hordaland med i prosjektet. Prosjektet heiter: ”Barnehagen som læringsmiljø og danningsarena”.

Irene Foer, Unni Kvåle og Janne Gjøen Gjernes - Klikk for stort bilete Hovudmålsetjinga med prosjektet er å auka barnehagetilsette sin kompetanse, og medverka til å klargjere korleis danningsbegrepet kan tolkast og implementerast i barnehagen sin praksis. Prosjektgruppa som har drive utviklingsprosjektet i barnehagen har vore samansett av avdelingsleiar Irene Foer, assistent Unni Kvåle og pedagogisk leiar Janne Gjøen Gjernes.

 

Pilotprosjekt Trollskogen: Måling i bekken - Klikk for stort bilete "Gjekk til bekken, fekk meir enn vatn"

Gjennom heile dette året har barnehagen gjennomført ein del oppgåver dei har fått frå høgskulen i Bergen, desse oppgåvene har ført til at dei har gjennomført eit miniprosjekt som heiter "Bekken". Personalet og barna har i fellesskap planlagt og gjennomført ein del aktivitetar ved bekken. Dei har bygd bru over bekken, dei har sigla med båtar, dei har måla bekken på papir, og dei har faktisk måla heile bekken blå. Når kreativiteten og ideane frå barna vert tatt på alvor, kan det oppstå heilt nye aktivitetar og opplevingar. Prosjektet har munna ut i ein artikkel som er skriven av dei tre i prosjektgruppa. Artikkelen har tittelen; ”Gjekk til bekken, fekk meir enn vatn”.

 

Avslutningskonferanse i Bergen

22. november arrangerte fylkesmannen avslutningskonferanse i Bergen. Trollskogen barnehage la der fram erfaringar frå prosjektet sitt. Fem av barnehagen som var med på prosjektet er i etterkant blitt utfordra til å levera artikkelen sin til utdanningsdirektoratet. Dette er ein fagleg siger og eit klapp på skuldera til dei tilsette i Trollskogen barnehage.

 

Planleggingsdag i Fusa

I september tok prosjektgruppa ansvar for innhaldet i ein felles planleggingsdag for alle dei tilsette i barnehagane i Fusa. Dette vart ein innhaldsrik og nyttig dag, der prosjektgruppa frå Trollskogen barnehage delte kunnskap og erfaringar med alle dei andre.

 

Publisert av Anne Helen Helland. Sist endra 17.01.2013
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30