Aktuelt frå kommunen

Pengedryss frå fylkeskommunen

Frå Skjelavika friluftsområde i Strandvik - Klikk for stort bileteFrå Skjelavika friluftsområde i Strandvik Erik Vangsnes Hordaland fylkeskommune har i mai og juni løyvd tilskot på til saman kr 674 000 til ulike kulturtiltak i Fusa.

Spelemidlar 

Dei statlege spelemidlane vart fordelte i møte i Kultur- og ressursutvalet 4. juni. Bygdastølen ski- og tursenter fekk kr 174 000 til garasjebygg. Bergen og omland friluftsråd fekk kr 160 000 til tilrettelegging av friluftsområde i Skjelavika i Strandvik. Opsalmarka vel på Fusa fekk kr 200 000 i tilskot til ballbinge. Alle anlegga er ferdigstilte.

Folkehelsetiltak

Fusa har også nytt godt av støtteordninga for folkehelsetilak og fysisk aktivitet. Kultur- og ressursutvalet fordelte 14. mai kr 5 000 til Fusa karateklubb for deira arbeid med idrettsskule for psykisk utviklingshemma og kr 15 000 til Venjar IL til gratis symjeopplæring for barn.

Kulturvern

I same møte vart det løyvd til saman kr 120 000 til kulturvern i Fusa fordelt på fire prosjekt. Det vart løyvd kr 50 000 til restaurering av nothengja på Skår, kr 30 000 til restaurering av naust på Engevikhavn, kr 30 000 til restaurering av hagen på Engevik Gaard og kr 10 000 til måling av bedehuset Fredheim på Vinnes.

Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 13.06.2013
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30