Aktuelt frå kommunen

Pause i strandaksjonen

Ordførar Atle Kvåle (Fusa kommune) - Klikk for stort bilete

Ordførar Atle Kvåle er godt nøgd med gjennomføringa av spontaksjonen for å gjera strandsonen i Fusa fri for plast. Dei utplasserte kontainarane vert no fjerna, men ein vil ta opp att aksjonen etter påske med meir vårlege temperaturar.

Det vil framleis vera mogeleg for bygdelag, organisasjonar og einskildpersonar å samla inn plastavfall. Bosset må då samlast i spesialsekkar som ein får ved gjenbruksstasjonen til Bir i Eikelandsosen, og fulle sekkar kan leverast saman med vanleg restavfall.

Det vart gjort forsøk på å ha ny aksjonsdag m.a. i Eikelandosen laurdag 25. februar. Ufyseleg vér med snø og vind gjorde dette uråd. Konklusjonen vert då at ein ventar på våren og tek opp att aksjonen med fullt trykk etter påske.

Ordførar Atle Kvåle er storlegen nøgd med responsen frå fusingane. Resultatet syner at dette er ei sak og eit formål som engasjerer. Plasten skal vekk frå stendene våre!

Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 27.02.2017
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30