Aktuelt frå kommunen

Påskefrukost og påskelunsj

Påskelunsj - Klikk for stort bilete Nore Fusa oppv.s.

 

Påskeferien er i gang for skuleelevane, og i veka som gjekk vart det skipa til påskefrukostar og påskelunsjar rundt omkring i skular og barnehagar. Biletet er frå påskelunsjen på Nore Fusa oppvekstsenter. 6. klasse hadde dekka til over 100 i gymsalen og stelte til ein herleg lunsj, melder einingsleiar Torill Os Ådland. Ryddejobben hadde 7. klasse ansvar for. Barnehagen var òg invitert. Dei tok det som ein tur og gjekk dei to kilometra kvar veg utan sure miner. Det er kjekt å treffast, understrekar einingsleiaren. 

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 25.03.2013
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30