Aktuelt frå kommunen

Pangstart for TV-aksjon til Regnskogfondet

TV-aksjonskomite f.v. Hans Vindenes, Erik Vangsnes, Bjørghild des Bouvrie og Bodil Samnøy - Klikk for stort bilete

Søndag 18. oktober er det ny TV-aksjon som i år går til Regnskogfondet. I Fusa har ein hatt ein kampanje 1.-15. oktober der lokalt næringsliv har sponsa besøk på lokale turmål. "Ut på tur for TV-aksjonen" har resultert i meir enn 1000 turar og heile 46.000 kroner til aksjonen. I tillegg gjev Fusa kommune 10.000 kroner.

TV-aksjonen 18. oktober går til Regnskogfondet og mottoet er "Vi skal vokte regnskogen". Regnskogfondet arbeider for å ta vare på regnskogane, noko som er heilt avgjerande for kloden sitt klima og for 260 millionar menneske som har regnskogen som sin heim. 

Vellukka kampanje
Med meir enn 56.000 kr på konto før aksjonsdagen har TV-aksjonen fått ein pangstart i Fusa. Den lokale aksjonskomiteen er veldig glad for den rause støtta frå næringslivet og for entusiasmen folk i Fusa har vist for å ta del i kampanjen. Koblinga mellom TV-aksjonen og Friluftslivets år har fungert svært bra. Folk har gått på tur i eigen skog og gjennom det vore med å støtta arbeidet med å ta vare på regnskogen og hjelpa menneska der. 

1017 turar
10 lokale verksemder vart utfordra på å gje ein viss kronesum per turgåar som skreiv seg inn i turbøker på utvalde turmåla i tidsrommet 1.-15.oktober. Desse turmåla var med i kampanjen: Dallandstølane, Ludden, Hafskorvatnet, Ådlandssetret, Storetjørn, Langedalsvatnet og Revnasetret. Totalt vart det registrert 1017 turgåarar. Størst trafikk var det ved Hafskorvatnet med 339 signaturar i turboka.

Open gjevarportal
Dei 10 lokale verksemdene som har støtta kampanjen er: Agnar Skåtun A/S, Bolaks AS, Byggadministrasjon Harald Bjørndal AS, Eide Fjordbruk AS, Fusa auto, Fusa kraftlag, Hordaland Rørteknikk AS, Leigland bygg AS, Sævareid fiskeanlegg AS og Tombre fiskeanlegg AS. Det er framleis høve for andre verksemder til å koma med bidrag til sjølve TV-aksjonen, sjå informasjon på eigen gjevarportal: http://www.giverstafett.no/

Mange bidrag
Det er fleire måtar å støtta aksjonen på. Bruktbua vil gje sin omsetnad laurdag 17. oktober til TV-aksjonen. Fusa kommune har alt støtta aksjonen med kr 10.000,-.

Hugs kontante pengar
Fusa frivilligsentral organiserer sjølve innsamlingsaksjonen søndag. I alt 55 bøsseberar er ute i heile Fusa i tidsrommet frå kl 14.00 til 18.00. Ta godt i mot dei og hugs å ha kontantar klare!

Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 16.10.2015
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30